NO801 Norsk 1, 1-7 Begynneropplæring reg.tilbod Leira
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Norsk 1, 1.-7. trinn (30 studiepoeng) tilsvarer obligatorisk norsk for lærarar med grunnskulelærarutdanning 1-7 og er retta mot lærarar som vil undervise i norsk på småskulesteget og på mellomsteget. Norsk 1 er delt i to emne à 15 studiepoeng. Haustsemesteret handlar om 1.-4. steg og vårsemesteret om 5.-7. steg. Til saman gir dei to emna ei innføring i norsk språk og litteratur og i arbeidet med faget norsk i klasserommet.
Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet. Krava til lese- og skrivekompetanse har auka sterkt dei siste tiåra, og det er eit uttalt ønske at norsklærarane aukar kompetansen sin på området lesing og skriving. Norsk 1 set studentane i stand til å møte desse krava og gir tilstrekkeleg kompetanse til å undervise på barnetrinnet.
Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag, eit språkfag og eit praktisk profesjonsfag. Å studere norsk som del av grunnskolelærarutdanninga handlar om å skaffe seg kunnskapar om norsk språk og norsk tekstkultur og om didaktiske teoriar knytte til norskopplæring.
Emne 1 Begynnaropplæring er innretta mot undervisning i norsk på dei fire lågaste klassetrinna i grunnskolen. Undervisning i lesing, skriving og munnleg bruk av språket står heilt sentralt. Studentane skal få forskingsbasert innsikt i desse emna. Dei skal lære om arbeidsmåtar som passar frå 1. til 4. trinn, få kjennskap til korleis ulike arbeidsmåtar kan brukast i faget og utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om korleis barn utviklar språk og omgrep munnleg og skriftleg
- har kunnskap om ulike faglege og metodiske retningar innan lese- og skriveopplæring, med særleg vekt på begynnaropplæringa
- har kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for 1.-4. steget.
- har kunnskap om nyare barnelitteratur i ulike sjangrar og medium for dei lågaste klassetrinna, på nynorsk og bokmål, og om korleis litteratur for barn har utvikla seg over tid
- har kunnskap om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har kunnskap om korleis ein kan tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader
- har kunnskap om vurdering av læremiddel
- har kunnskap om den gjeldande planen for norskfaget i skulen, og særleg for 1. til 4. trinn
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæring og i skriftforming i norskfaget på 1. til 4. trinn og og grunngi faglege val
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse av, respons på og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere multimodale tekstar
- kan reflektere over kvalitet i tekstar og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtalar om litteratur
- kan skrive nynorsk og bokmål godt
- kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for at elevane utviklar grunnleggande tekst- og språkferdigheiter
- har blikk for mangfaldet i elevgruppa og kan gjere greie for tilpassa fagdidaktiske val
- kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
- er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk og viser innsikt i skriftspråksnormering
- kan skrive akademisk tekst
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emne 1 Norsk i begynnaropplæringa er eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium. Mykje av kunnskaps- og informasjonsutvekslinga vil skje i studiestøttesystemet Canvas, og ein føreset at studentane lærer å bruke denne læringsplattforma aktivt. Emnet har dessutan tre todagarssamlingar. Mellom og etter samlingane skal studentane arbeide individuelt og i studiegrupper.
Studiet er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, i tillegg til at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.
Studiet har ikkje eigen praksisdel, men er praksisretta ved at eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med erfaringar og observasjon i eigen klasse.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er fire obligatoriske læringsaktivitetar i emnet, både individuelle og gruppearbeid. I alle har studenten ei aktiv rolle anten ved å skrive eller tale, og aktivitetane er viktig førebuingsarbeid fram mot eksamen.
- Video, munnleg arbeid. Gruppeinnlevering
Den obligatoriske læringsaktiviteten er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes « - har kunnskap om nyare barnelitteratur i ulike sjangrar og medium for dei lågaste klassetrinna, på nynorsk og bokmål, og om korleis litteratur for barn har utvikla seg over tid" og " - kan vurdere eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt".
- Utviklingsarbeid og framlegg på eigen arbeidsplass. Fagtekst og refleksjonsnotat. Individuell innlevering.
Den obligatoriske læringsaktiviteten er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes « - kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæring og i skriftforming i norskfaget på 1. til 4. trinn og grunngi faglege val" og " har blikk for mangfaldet i elevgruppa og kan gjere greie for tilpassa fagdidaktiske val".
- Akademisk tekst. Individuell innlevering.
Den obligatoriske læringsaktiviteten er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes «har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for 1.-4. steget" og " - kan skrive akademisk".
- Obligatorisk frammøte til samlingar og deltaking i gruppearbeid.
Begge målformer skal nyttast i læringsaktivitetane.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende til fastsette fristar for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent dei obligatoriske læringsaktivitetane kan få eitt nytt forsøk undervegs i studieåret, men maksimalt to forsøk per semester. Aktivitetane er gyldige i tre semester etter godkjenning.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 1 veke. Eksamen vil ha 2 oppgåver, der den eine skal skrivast på bokmål og den andre på nynorsk. Begge tel 50% og begge må vere bestått for å få karakter i emnet.
Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel