NO802 Norsk 1, 1-7 Mellomtrinnet reg.tilbod Leira
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Norsk 1, 1.-7. trinn (30 studiepoeng) tilsvarer obligatorisk norsk for lærarar med grunnskulelærarutdanning 1-7 og er retta mot lærarar som vil undervise i norsk på småskulesteget og på mellomsteget. Norsk 1 er delt i to emne à 15 studiepoeng. Haustsemesteret handlar om 1.-4. steg og vårsemesteret om 5.-7. steg. Til saman gir dei to emna ei innføring i norsk språk og litteratur og i arbeidet med faget norsk i klasserommet.
Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet. Krava til lese- og skrivekompetanse har auka sterkt dei siste tiåra, og det er eit uttalt ønske at norsklærarane aukar kompetansen sin på området lesing og skriving. Norsk 1 set studentane i stand til å møte desse krava og gir tilstrekkeleg kompetanse til å undervise på barnetrinnet.
Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag, eit språkfag og eit praktisk profesjons-fag. Å studere norsk som del av grunnskolelærarutdanninga handlar om å skaffe seg kunnskapar om norsk språk og norsk tekstkultur og om didaktiske teoriar knytte til norskopplæring.
Emne 2 Opplæring på mellomsteget har fokus på undervisning i norsk på mellomsteget, 5. - 7. trinn i grunnskulen. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål, respons og vurdering, arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, munnleg kommunikasjon og den andre lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Studentane skal få forskingsbasert innsikt i desse emna. Dei skal lære om arbeidsmåtar som passar frå 5. til 7. trinn, få kjennskap til korleis ulike arbeidsmåtar kan brukast i faget og utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for mellomsteget
- har innsikt i språkutvikling hos barn og unge som allereie har tileigna seg grunnleggande lese- og skriveferdigheiter
- har god kunnskap om skriving og skrivestrategiar, og korleis elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine.
- har god kunnskap om lesing og lesestrategiar, og korleis elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk kan vidareutvikla leseforståinga og leseferdigheitene sine
- har kunnskap om grammatikk, det vil si språket som system på ulike nivå
- har kunnskap om nyare litteratur i ulike sjangrar og medium, på nynorsk og bokmål, for barn, unge og vaksne
- har kunnskap om kva som skal til for å tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader
- har kunnskap om den gjeldande planen for norskfaget i skulen, og særleg for 5. til 7. trinn
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 1.-7. steg og grunngi faglege val
- kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa og skriftforming frå 1.-7. steg, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- kan bruke digitale verktøy som støtte i den vidare lese- og skriveopplæringa og skape og vurdere multimodale tekstar
- kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar og organisere og drive opplæring også for elevar med lese- og skrivevanskar
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere samtaler i klasserommet
- kan bruke ulike former for vurdering som ein reiskap for elevane sin læringsprosess
- kan leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium, utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan reflektere over kvalitet i tekstar og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtaler om litteratur
- kan analysere og tolke ulike typar tekstar og formidle litteratur på varierte måtar
- meistrar begge målformer skriftleg og kan undervise elevar i desse.
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- har blikk for mangfaldet i elevgruppa og kan gjere greie for tilpassa fagdidaktiske val
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
- er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emne 2 Opplæring på mellomsteget er eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium. Mykje av kunnskaps- og informasjonsutvekslinga vil skje i studiestøttesystemet Canvas, og ein føreset at studentane lærer å bruke denne læringsplattforma aktivt. Emnet har dessutan tre todagarssamlingar. Mellom og etter samlingane skal studentane arbeide individuelt og i studiegrupper.
Studiet er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, i tillegg til at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.
Studiet har ikkje eigen praksisdel, men er praksisretta ved at eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med erfaringar og observasjon i eigen klasse.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er fire obligatoriske læringsaktivitetar i emnet, både individuelle og gruppearbeid:
- Akademisk tekst. Responsarbeid. Individuell innlevering.
Den obligatoriske læringsaktiviteten er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes "- har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for mellomsteget" og " - har kunnskap om nyare litteratur i ulike sjangrar og medium, på nynorsk og bokmål, for barn, unge og vaksne".
- Gruppearbeid med to oppslag i Padlet og framføring i gruppe. Individuelt refleksjonsnotat.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes " - kan leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium, utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing" og " - kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer ".
- Akademisk tekst. Individuell innlevering.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes " - har innsikt i språkutvikling hos barn og unge som allereie har tileigna seg grunnleggande lese- og skriveferdigheiter" og " - har blikk for mangfaldet i elevgruppa og kan gjere greie for tilpassa fagdidaktiske val"
- Obligatorisk frammøte til samlingar og deltaking i gruppearbeid.
Begge målformer skal nyttast i læringsaktivitetane.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende til fastsette fristar for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent dei obligatoriske læringsaktivitetane kan få eitt nytt forsøk undervegs i studieåret, men maksimalt to forsøk per semester. Aktivitetane er gyldige i tre semester etter godkjenning.
Vurderingsform
Mappeeksamen: Eksamensmappa skal innehalde dei to skriftlege tekstane de har levert som obligatoriske læringsaktivitetar. Det blir høve til å rette opp tekstane etter tilbakemelding og før endeleg innlevering. Ein tekst skal skrivast på bokmål og den andre på nynorsk.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel