OPR511 Fysiologi, patofysiologi, mikrobiologi og anatomi
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar anatomi, fysiologi, patofysiologi, biokjemi, mikrobiologi, hygiene og smittevern,samt generelle kirurgiske prinsipp. Emnet omhandlar òg hypotermi, multiorganssvikt og farmakologi, samt medisinteknisk utstyr som blir brukt til operasjonspasienten. Emnet legg vekt på operasjonssjukepleia sitt forhold til kirurgi, anestesiologi, kardiologi og intensivmedisin til elektive og akutte operasjonar.
Emnet er bygd opp kring områda:
- Anatomi, fysiologi, patofysiologi og biokjemi
- Multiorgansvikt
- Hypotermi
- Mikrobiologi
- Infeksjonsmedisin
- Smittevern
- Generelle kirurgiske prinsipp
- Farmakologi
- Anestesiologi, kardiologi og intensivmedisin til operasjonspasienten
- Medisinsk teknisk utstyr
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
- har inngåande kunnskap om organsystemers anatomi, fysiologi og patofysiologi
- har avansert kunnskap om mikrobiologi og smittevern
- har inngåande kunnskap om anestesi, farmakologi, legemiddel og legemiddelhandtering med relevans for operasjonssjukepleie
- har avansert kunnskap om hypotermi
- har inngåande kunnskap om relevant teknologi som brukast til behandling, underøking og overvaking av operasjonspasienten
- har brei kunnskap om lover, forskrifter og informasjonssikkerheit knytt til bruk av medisinsk utstyr og digitale verktøy som er relevant for yrkesutøvinga
Ferdigheiter
Studenten:
- kan anvende kunnskap i anatomi, fysiologi og patofysiologi for å observere og vurdereoperasjonspasienten
- kan bruke relevant kunnskap for kliniske avgjerder og handling relatert til symptom og kliniske teikn hos operasjonspasienten
Generell kompetanse
Studenten:
- kan anvende kunnskapar og ferdigheiter i operasjonssjukepleie for å utføre kliniske vurderingar, avgjerder og handlingar i samarbeid med eigen og andre faggrupper
Krav til forkunnskapar
Gjennomført OPR510
Undervisnings- og læringsformer
Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta, med forelesningar, gruppearbeid, digitale læringsformer inkludert bruk av VR, studentpresentasjonar, sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Oppmøte ved gruppearbeid
- Oppmøte ved obligatorisk undervisning
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen
Omfang på 3 timar.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel