Hopp til innhald

OPR512 Operasjonsjukepleie med kirurgi, operasjonsteknikk, hygiene, smittevern og fagleiing

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar ansvar og funksjonsområde i grunnleggjande og avansert operasjonssjukepleie. Emnet legg vekt på operasjonssjukepleie ved kirurgisk undersøking og behandling ved blautdelkirurg, ortopedi, traumebehandling og donorbehandling. Emnet omhandlar mikrobiologi, hygiene og smittevern, aseptiske og antiseptiske teknikkar, kirurgiske instrument, medisinsk teknisk utstyr, leiring og hypotermi. Emnet legg vekt på fagleiing for å ivareta pasientsikkerheit og personsentrertoperasjonssjukepleie til pasientar som gjennomgår akutt og elektiv kirurgisk undersøking og behandling.

Emnet er bygd opp kring områda:

  • Operasjonssjukepleie, kirurgisk undersøking og behandling ved sjukdom i magetarmsystemet,urinvegar, øyre-nase-hals, hjerte, kar og thorax, samt ortopedi, gynekologi og nevrokirurgi
  • Traume og traumebehandling
  • Dagkirurgisk behandling
  • Donorbehandling
  • Medisinteknisk utstyr
  • Kirurgiske instrument
  • Smittevern i operasjonsavdelinga
  • Aseptiske og antiseptiske teknikkar
  • Leiring og leiringskadar
  • Hypotermi
  • Fagleiing

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om kirurgisk undersøking og behandling
  • har avansert kunnskap om kirurgiske instrument, bruksområde og sterilforsyningskjeden
  • har avansert kunnskap om kirurgisk leiring og hypotermi
  • har inngåande kunnskap om pre- og postoperativ sjukepleie
  • har inngåande kunnskap om traumatologi og traumebehandling
  • har inngåande kunnskap om relevant teknologi som nyttast til kirurgisk behandling
  • har inngåande kunnskap om operasjonssjukepleiaren si rolle ved beredskap- og krisehandtering ved større ulukker, pandemi, terror og i krigs- og katastrofeområde
  • har avansert kunnskap om operasjonsavdelinga si oppbygging, utforming ogfunksjoner
  • har brei kunnskap om lover, forskrifter og informasjonssikkerheit knytt til bruk avmedisinsk utstyr og digitale verktøy som er relevant for yrkesutøvinga
  • har inngåande kunnskap om leiing, organisering og endringsprosessar av tverrprofesjonelle tenester som er relevant for operasjonssjukepleien

Ferdigheiter:

Studenten:

  • kan bruke personsentrert operasjonssjukepleie i samsvar med lover, forskrifter, retningslinjer og rammebetingelser
  • kan analysere og vurdere risikofaktorar i gjennomføring av kirurgisk behandling
  • kan analysere og vurdere risikofaktorar i gjennomføringa av kirurgisk leiring
  • kan analysere og vurdere risikofaktorar for å forebygge utilsikta hypotermi
  • kan analysere risikofaktorar hos operasjonspasienten og kirurgiskinngrep/undersøking for å forebygge komplikasjonar og uønskte hendingar
  • kan analysere, vurdere og handtere etiske dilemma relatert til operasjonssjukepleie
  • kan anvende digital kompetanse, bidra i utviklinga av og bruke eigna teknologi på individ- og systemnivå
  • kan koordinere og samhandle tverrprofesjonelt i behandlinga av operasjonspasienten ipasientforløpet
  • kan analysere og vurdere tilgjengelege ressursar og berekraft i prioritering, koordinering, administrering, iverksetting og evaluering av operasjonssjukepleie

Generell kompetanse:

Studenten:

  • kan anvende kunnskapar og ferdigheiter for å ivareta pasientsikkerheit i risikofylte overgangar i det perioperative forlaup
  • kan analysere, vurdere og handtere komplekse og kritiske situasjonar i samsvar medhelselovgivinga og profesjonsetikk
  • kan innhente spesialisert kunnskap frå relevante fagområde og anvende kunnskapen i utøvinga av operasjonssjukepleie

Krav til forkunnskapar

Bestått OPR510

Gjennomført OPR511

Undervisnings- og læringsformer

Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta, med forelesingar, gruppearbeid, digitale arbeidsformer, studentpresentasjonar, sjølvstudium, ferdigheitstrening (både organisert og selvstendig) og simulering

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • tilsvarande ei veke gjennomført ferdigheitstrening/simulering
  • delta på obligatoriske forelesninger

Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i dei to følgjande semestera.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen

Omfang på 6 timar.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel