Hopp til innhald

OPRP513 Utøvande operasjonsjukepleie: Pasientsikkerheit, teknologi, og digital kompetanse

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar aseptikk og antiseptikk, kirurgisk leiring, hypotermi, hygiene og smittevern, kontrollrutinar, fagleiing både i den sterilt utøvande- og koordinerande funksjon, medisinsk-tekniskutstyr, anestesi til operasjonspasienten, og kirurgi og operasjonsteknikk. Emnet legg òg vekt på administrering av eige arbeid både i den sterilt utøvande og koordinerande funksjon, organisering av operasjonssjukepleiarane sine oppgåver og funksjon i operasjonsavdelinga, kirurgisk teamarbeid, tekniske ferdigheiter.

Emnet legg vidare vekt på medisinsk-teknisk utstyr i operasjonsavdelinga, uønska hendingar og komplikasjonar ved kirurgisk leiring og hypotermi, og dokumentasjon- og informasjonsteknologi. Emnet legg vekt på pasientsikkerheit.

Innhald

  • Operasjonssjukepleie i den sterilt utøvande og koordinerande funksjon
  • Aseptisk og antiseptisk metode
  • Kirurgi og operasjonsteknikk
  • Tekniske ferdigheiter
  • Medisinsk-teknisk utstyr
  • Instrumenthandtering og handtering av kirurgiske instrument
  • Planlegging og administrasjon av eige arbeid i operasjonsavdelinga
  • Operasjonssjukepleiars rolle i kirurgisk teamarbeid

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har avansert kunnskap om operasjonsavdeling si oppbygging, utforming og funksjonar
  • har avansert kunnskap om kirurgiske instrument, bruksområde og sterilforsyningskjeden
  • har brei kunnskap om lovar, forskrifter og informasjonssikkerheit knytt til bruk av medisinsk utstyr og digitale verktøy som er relevant for yrkesutøvinga
  • har inngåande kunnskap om relevant teknologi som brukast til behandling, undersøking og overvaking av operasjonspasienten
  • har inngåande kunnskap om farmakologi, legemidler og legemiddelhandtering med relevans for operasjonssjukepleie

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke profesjonskunnskap i utøvinga av den koordinerande og sterilt utøvande rolle
  • har avanserte ferdigheiter i aseptisk arbeidsmetode
  • kan analysere, vurdere og handtere etiske dilemma relatert til operasjonssjukepleie
  • kan analysere og vurdere risikofaktorar i gjennomføring av kirurgisk leiring
  • kan analysere og vurdere risikofaktorar for å forebygge utilsikta hypotermi
  • kan bruke sine kunnskapar og ferdigheiter om kirurgiske instrumenter og sterilforsyningskjeden
  • kan bruke metodar for å sikre korrekt utstyrsplassering på operasjonsstova
  • kan bruke relevant dokumentasjonsverktøy ved dokumentasjon av operasjonssjukepleie
  • kan bruke relevante metodar for pasientsikkerhets- og kvalitetsarbeid

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan analysere relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan analysere og drøfte etiske dilemma, og kommunisere desse i faglege diskusjonar
  • kan innhente og tilpasse spesialisert kunnskap frå relevante fagområde og anvendekunnskapen i utøvinga av operasjonssjukepleie
  • kan anvende kunnskap og ferdigheiter til å dokumentere, formidle, og evaluereinformasjon om operasjonspasienten

Krav til forkunnskapar

Gjennomført OPR512

Bestått emne OPR511

Tilrådde forkunnskapar

.

Undervisnings- og læringsformer

10 vekers praksisstudium med vekt på pasientsikkerheit, teknologi, digital kompetanse. Det skal vera dagleg rettleiing frå ein operasjonssjukepleiar som i hovudregel har rettleiarkompetanse. Ein fagperson frå utdanningsinstitutsjonen bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk og evaluering. Klinikksamlingar.

Framstilling av litteraturgrunnlaget for ei gitt problemstilling med relevans for utøving av operasjonsjukepleie.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Ei oppstartsamtale om læringsutbytter, ei midtvurdering, ei sluttvurdering
  • Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i to dei følgande semestra
  • Delta i simulering

Vurderingsform

Deleksamen: Vurderinga er todelt og begge delar må vere bestått for å bestå emnet:

  • Del 1. Bestått praksisstudium med maksimum 10% fravær
  • Del 2. Skriftleg oppgåve. To studenter kan skrive sammen, maks 750 ord.

Vurderingsuttrykk

Bestått/ikkje bestått

Ny eksamen

  • Ved ikkje bestått praksis, del 1, må heile praksisperioden gjennomførast på nytt ved neste ordinære emnestart
  • Ved ikkje bestått oppgåve, del 2, må studenten skrive ei ny oppgåve

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel