Hopp til innhald

OPRP514 Utøvande operasjonsjukepleie: Samhandling og kommunikasjon

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar fagleg forståing og samhandling i operasjonsavdelinga. Kommunikasjon, kirurgiskteamarbeid og situasjonsforståing blir tillagt stor vekt. Vidare omhandlar emnet ivaretaking avpasientar og pårørande sine komplekse behov, samt kommunikasjon med pasientar og pårørande.

Emnet omhandlar vidare avansert operasjonssjukepleie. Emnet legg vekt på operasjonssjukepleien sin førebyggjande funksjon, førebygging av komplikasjonar og uønska hendingar, samt hygiene og smittevern. Emnet legg vekt på observasjon og overvaking av det kirurgiske felt, utvikling av sjølvstendig avgjerds- og handlingskompetanse, samt handtering av avansert medisinsk-teknisk utstyr i operasjonsavdelinga. Kunnskapsbasert praksis og pasientsikkerheit er sentrale omgrep i emnet.

Emnet er bygd opp kring områda:

  • Ikkje-tekniske ferdigheiter
  • Kirurgisk teamarbeid
  • Kommunikasjon
  • Tverrprofesjonelt samarbeid
  • Fagleiing
  • Uønska hendingar peroperativt
  • Sikkerheitskultur i operasjonsavdelinga
  • Komplikasjonar i det peroperative pasientforløpet
  • Smittevern i operasjonsavdelinga
  • Medisinsk-teknisk utstyr
  • Kirurgi og operasjonsteknikk
  • Kunnskapsbasert praksis

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiterog generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten…

  • har inngåande kunnskap om operasjonspasienten og pårørande sine behov i eit alders-,kjønns-, sosialt- og fleirkulturelt perspektiv
  • har avansert kunnskap om kommunikasjon og tilpassa informasjon til pasientar i alle aldra og deira pårørande
  • har inngåande kunnskap om betydninga av språk- og kulturkompetanse, for å bidra til auka kvalitet og pasientsikkerheit, i utøvinga av operasjonssjukepleie
  • har inngåande kunnskap om operasjonssjukepleiaren si fysiske og psykososialearbeidsmiljø, stressreaksjonar, meistringsstrategiar og korleis arbeidsbelastningar kan forebyggast og reduserast
  • har inngåande kunnskap om kommunikasjonsverktøy og kva som fremjar og hemmart verrprofesjonell samhandling

Ferdigheiter:

Studenten…

  • kan anvende kulturkompetanse og kulturforståing i vurdering, planlegging, gjennomføringog evaluering av operasjonssjukepleie
  • kan analysere risikofaktorar hjå operasjonspasienten og kirurgisk inngrep/undersøking for å forebygge komplikasjonar og uønska hendingar
  • kan bruke relevant kunnskap for klinisk avgjerdstaking og handling relatert til symptom og kliniske teikn hos operasjonspasienten
  • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter i leiing, både i den sterilt utøvande og koordinerande funksjonen
  • kan analysere, gjennomføre og lede relevant smittevernsarbeid i det kirurgiske teamet
  • kan koordinere og samhandle tverrprofesjonelt i behandlinga av operasjonspasienten i pasientforløpet
  • kan analysere og vurdere tilgjengelege ressursar og prioritere tiltak for å optimaliserekvalitet i pasientforløpet og drift av operasjonsavdelinga
  • kan analysere uønska hendingar og bidra til systematisk læring
  • kan sjølvstendig administrere og bruke relevant teknologi, inkludert medisinsk-tekniskutstyr

Generell kompetanse:

Studenten…

  • kan anvende kunnskapar og ferdigheiter på nye områder for å utøve personsentrertoperasjonssjukepleie
  • kan anvende kunnskapar og ferdigheiter i operasjonssjukepleie for å utføre kliniske vurderingar, avgjerder og handlingar i samarbeid med eigen og andre faggrupper
  • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter i leiing, både i den sterilt utøvande og koordinerande funksjonen
  • kan analysere og ta ansvar i samhandling som kan påverke pasientforløpet og iverksettetiltak som stimulerer til samhandling
  • kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter til å leie og å arbeide effektivt i team, ha godforståing for grensene for egen kompetanse og innsikt i andre profesjonar sinekompetansar
  • kan anvende kunnskapar og ferdigheiter for å ivareta pasientsikkerheita i risikofylte overgangar i det perioperative forlaupet
  • kan bidra til fagleg implementering og bruk av digitale verktøy og medisinsk utstyr

Krav til forkunnskapar

Følgende emner må være bestått:

OPR512 - Kirurgi, mikrobiologi, fagleiing og teknisk kompetanse i operasjonssjukepleie

OPRP513 - Pasientsikkerheit, teknologi, og digital kompetanse i utøvande operasjonssjukepleie

Undervisnings- og læringsformer

Praksisstudium med vekt på samhandling og kommunikasjon i utøvande operasjonsjukepleie. Det skal vera dagleg rettleiing frå operasjonssjukepleiar fortrinnsvis med rettleiarkompetanse. Ein fagperson frå utdanningsinstitusjonen bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging avlæringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk og evaluering. Klinikksamlingar. Ferdigheitstrening og simulering. Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Obligatoriske læringsaktivitetar
  2. Deltaking i simulering
  3. Deltaking i klinikksamlingar
  4. Ein oppstartsamtale om læringsutbytte, ein midtvuderingssamtale og ein sluttvurderingssamtale

Vurderingsform

Vurderingsuttrykk:

Praksis vert vurdert til bestått/ikkje bestått. Maksimum 10% fravær

Ved ikkje bestått praksis, må heile emnet gjennomførast på nytt ved neste ordinære emnestart

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel