OPRP515 Utøvande operasjonsjukepleie: Kvalitet, fagleiing og organisering
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar helsetenesta sine funksjonar både på eit mikro-, meso- og makronivå, traume,traumebehandling, kriseberedskap og krisehandtering, samt informasjon, undervisning og rettleiing avpasientar, pårørande, studentar og kollegaer.
Emnet legg vekt på samanhengen mellomoperasjonssjukepleien sin forebyggande, behandlande, rehabiliterande, lindrande, pedagogiske ogleiande funksjon. Sentralt i emnet er pasientsikkerheit og kunnskapsbasert praksis.
Emnet er bygd opp kring områda:
- Helsetenesta si oppbygning og funksjon
- Akutt og kritisk sjuke operasjonspasientar
- Operasjonssjukepleie til akutt og kritisk sjuke operasjonspasientar
- Kirurgi og operasjonsteknikk
- Traume, traumatologi og traumebehandling
- Kriseberedskap og krisehandtering
- Undervisning og rettleiing
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
- har inngåande kunnskap om helse- og omsorgstenesta si organisering, rammer og relevantlovverk
- har inngåande kunnskap om ressursbruk, prioriteringar og berekraft i operasjonsavdelinga
- har inngåande kunnskap om leiing, organisering og endringsprosessar av tverrprofesjonelletenester som er relevant for operasjonssjukepleie
- har inngåande kunnskap om traumatologi og traumebehandling
- har inngåande kunnskap om operasjonssjukepleiaren si rolle ved beredskap- og krisehandtering ved større ulykker, pandemi, terror og i krigs- og katastrofeområde
- har inngåande kunnskap om pedagogiske prinsipp i undervisning og rettleiing til kollegaer og studentar
- har inngåande kunnskap om systematisk kvalitetsarbeid og pasientsikkerheitskultur for å forbetre og kontrollere operasjonssjukepleie
Ferdigheiter
Studenten:
- kan analysere, vurdere og gjennomføre operasjonssjukepleie både i sterilt utøvande og koordinerande funksjon for å sikre et effektivt og trygt pasientforløp
- kan analysere det perioperative pasientforløpet og sikre kontinuitet i operasjonssjukepleie
- kan analysere og vurdere tilgjengelege resursar og berekraft i prioritering, koordinering,administrering, iverksetting og evaluering av operasjonssjukepleie
- kan analysere og ha eit kritisk forhold til tenesteutvikling, nytenking og innovasjon
- kan bruke relevante metodar i kommunikasjon, samhandling og rettleiing til pasientar ogpårørande i komplekse situasjonar, samt analysere målgruppa si helsekompetanse for å fremje brukar medverknad og tilpassa tenester
- kan formidle og kommunisere om forskingsbasert kunnskap i møte med pasient, pårørande, helsepersonell og allmennheita
- kan bruke relevante metodar for pasientsikkerhets- og kvalitetsarbeid
- kan anvende digital kompetanse, bidra i utviklinga av og bruke eigna teknologi på individ- og systemnivå
- kan analysere og ha eit kritisk forhold til teori og ulike informasjonskjelder, og anvende disse til å strukturere og formulere faglege resonnement innan operasjonssjukepleie
Generell kompetanse
Studenten:
- kan anvende kunnskapar og ferdigheiter for å handtere akutte situasjonar på ein sikker og trygg måte i samarbeid med andre profesjonar og tenester
- kan analysere og vurdere tilgjengelege ressursar og berekraft i prioritering, koordinering, administrering, iverksetting og evaluering av operasjonssjukepleie
- kan analysere, vurdere og handtere komplekse og kritiske situasjonar i samsvar med helselovgiving og profesjonsetikk
- kan analysere og kommunisere om faglege problemstillingar innanfor operasjonssjukepleie tilhelsepersonell og allmennheita
- kan formidle og kommunisere om forskingsbasert kunnskap i møte med pasient, pårørande, helsepersonell og allmennheita
- kan bidra til tenesteforbetring, god pasientsikkerheitskultur og eit godt arbeidsmiljø for å ivareta pasient, pårørande og kollegaer
- kan analysere og ha eit kritisk forhold til kunnskapsbasert praksis for å kunne medverka til utvikling av tenesta
- kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar i klinisk praksis
- kan anvende kunnskapar og ferdigheiter i bruk og utvikling av teknologi innan operasjonssjukepleie
Krav til forkunnskapar
Følgande emne må vere bestått:OPRP514 - Samhandling og kommunikasjon i utøvande operasjonssjukepleie
Undervisnings- og læringsformer
9 vekers praksisstudium med vekt på kvalitet, fagleiing og organisering av utøvande intensivsjukepleie. Dagleg rettleiing frå i hovudregel ein barnesjukepleiar som bør har rettleiarkompetanse. Ein fagperson frå utdanningsinstitutsjonen bistår i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk og evaluering. Klinikksamlingar, simulering.
Ei teoriveke knytt til problemstillinga for masteroppgåva, med utgangspunkt i tema med relevans for litteraturgrunnlaget for kvalitet og organisering i utøvande operasjonssjukepleie.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Ein oppstartsamtale om læringsutbytte, ei midtvurderingssamtale og ei sluttvurderingssamtale.
- Deltaking i klinikksamlingar
- Deltaking i simulering og ferdigheitstrening
- Samling der studenten presenterer og opponerer på framlegg av tema med relevans for litteraturgrunnlaget for kvalitet i utøvande operasjonssjukepleie.
Vurderingsform
Praksis vert vurdert til bestått/ikkje bestått
Vurderingsuttrykk: Praksis vert vurdert til bestått/ikkje bestått. Maksimum 10% fravær
Ved ikkje bestått praksis, må heile emnet gjennomførast på nytt ved neste ordinære emnestart
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel