OR6-1005 Strategi

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Førelesingane fokuserer på følgjande tema:

  • Kva er føretaksstrategi?
  • Visjon, forretningsidé og mål
  • Verdiskaping
  • Konkurransefortrinn
  • Konkurranse og samarbeid
  • Intern analyse
  • Ekstern analyse
  • Val av strategi
  • Implementering av strategi

Læringsutbytte

Kunnskaper:

Studenten 

  • kjenner generiske strategiar
  • har kjennskap til strategiske prosessar og perspektiv, der leiingsperspektivet står sentralt
  • har kjennskap til samfunnsansvar og etikk

Ferdigheter:

Studenten kan

  • bruke sentrale strategiske verktøy, og gjennom dette arbeidet kunne gjere reflekterte analysar og val
  • gjennomføre ei strategisk analyse for ei føretakseining med fokus både på omgjevnader, marknadsfaktorar og verksemda sine interne ressursar     

Generell kompetanse:

Studenten

  • forstår korleis strategiar kan bidra til å nå mål om verdiskaping, effektivitet og lønsemd
  • kan foreta strategiske marknads- og ressursanalysar
  • forstår kva teoriar strategiske verktøy byggjer på

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og casearbeid

Arbeidskrav

Eitt skriftleg arbeidskrav som skal løysast i grupper på inntil fire studentar. 

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar

Bokstavkarakter

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØKB2123 (1) - Foretaksstrategi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • OR6-1002 (1) - Leiing og strategi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • OR6-202 (1) - Føretaksstrategi - Reduksjon: 7,5 studiepoeng