PL471 Kulturmiljøforvaltning
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet kombinerer kunnskap om kulturarv og kulturmiljø, med praktiske oppgåver og øvingar knytt til kulturmiljøforvalting. Studenten får innsikt i kulturmiljøverdiar knytt til ulike kulturelle grupper, ulike historiske epokar og ulike geografiske kontekstar. Vidare lærer studenten å kjenne att og skildre kulturmiljøverdiar i norske bygg og landskap. Underliggande i dette, får studenten også innsikt i historiske trekk og viktige aktørar i norsk kulturmiljøforvalting, og korleis kulturmiljø kan brukast som ein ressurs for lokal stadutvikling, identitet og verdiskaping. Ved å ta utgangspunkt i studentane sine bakgrunnar søker emnet å bygge vidare på eksisterande kunnskap, og skape engasjement gjennom dette.
Dei praktiske øvingane i emnet er retta mot lokal kulturmiljøforvalting. Studentane vil arbeide med registrering, verdivurdering, databasar, planar og lovverk. Ekskursjonane gir innblikk i fysiske miljø der kulturminne speler ei viktig rolle.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har:
- god forståing for korleis ein kan nytte kulturmiljø som ressursar i lokal utvikling
- kjennskap til sentrale historiske trekk og viktige aktørar i norsk kulturmiljøforvaltning
- god forståing for samanhengen mellom arealplanlegging og kulturmiljøforvalting
- kjennskap til sentrale føresegner i kulturminnelova og plan- og bygningslova
Ferdigheiter
Studenten kan:
- kjenne att og skildre sentrale kulturmiljøverdiar i norske bygg og landskap
- bruke sentrale databasar til å innhente opplysningar om kulturmiljøverdiar
- gi råd om forvalting av kulturmiljø i samband med kommunal planlegging
- delta aktivt i registrering og verdisetjing av kulturminne
Generell kompetanse
Studenten:
- har trening i å skrive og omarbeide ei akademisk oppgåve
- har øving i å søke opp og nytte relevant litteratur i oppgåveskriving
- kan lese og gi konstruktiv tilbakemelding til medstudentar
- har trening i argumentasjon og i å diskutere fagstoff
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Ekskursjonar
- Øvingar og oppgåver
- Diskusjonar og presentasjonar
- Rettleiing på eksamensoppgåve
Obligatorisk læringsaktivitet
Skriftlege arbeidskrav
- 2 innleveringar av utkast til gruppeeksamensoppgåve
- Lese og gi tilbakemelding på 1-2 grupper sine utkast til eksamensoppgåve
Obligatorisk undervisning
- 2 ekskursjonar
- 2-4 skriveseminar med rettleiing
Fråver frå obligatorisk læringsaktivitet må avklarast med emneansvarleg god tid i forkant
Vurderingsform
Skriftleg gruppeoppgåve (35 %)
Individuell munnleg eksamen (65 %)
Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje bestått. Begge deleksamenar må vere bestått for at emnet skal bli bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg gruppeoppgåve: Alle
Munnleg eksamen: Ingen
Meir om hjelpemiddel