Hopp til innhald

PL491 Bacheloroppgåve i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Bacheloroppgåva er det avsluttande emnet i bachelorutdanninga og vert gjennomført i siste studieår. Studentane skal gjennomføre ei sjølvstendig problemorientert oppgåve med utgangspunkt i realistiske problemstillingar der det vert kravd kunnskapar og ferdigheiter frå sentrale tema i studiet. Oppgåva kan vere naturvitskapleg eller ha planfagleg karakter, og må veljast innan fagfelt der ein har rettleiingskompetanse og -kapasitet ved Instituttet. Arbeidet blir normalt utført i grupper, og kan bli knytt opp mot oppdrag og forskingsprosjekt som instituttet er engasjert i, eller i samarbeid med ekstern samarbeidspartner.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • har brei kunnskap om sentrale tema og kan ta i bruk ny kunnskap innan eit sjølvvald fagområde.
  • kjenner til relevante metodar, arbeidsmåtar og dei viktigaste fasane i gjennomføring av eit sjølvstendig prosjektarbeid.
  • har evne til systematisk og vitskapleg vurdering, og veit kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde.

Ferdigheiter

  • kan gjennomføre eit sjølvstendig prosjektarbeid
  • kan gjennomføre innsamling av datamateriale, og gjere syntese- /analysearbeid på ein kritisk og reflektert måte
  • kan presentere eit sjølvstendig arbeid, skriftleg og munnleg på ein systematisk og vitskapleg måte
  • kan søkje fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i relevante fagdatabasar og meistrar referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk

Generell kompetanse

  • kan gjere sjølvstendige utgreiingar med vurderingar av viktige naturfaglege, landskapsøkologiske, samfunnsmessige eller planfaglege tema
  • kan reflektere over eigen fagleg praksis og kan arbeide både sjølvstendig og i team med planlegging og gjennomføring av eit prosjekt
  • kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innan fagområdet og kan dele sine kunnskapar og erfaringer med andre

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Tilrådde forkunnskapar

Studenten bør ha greidd 90 studiepoeng av emna i i bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar og deltaking på samlingar. Normalt går 2 - 3 studentar saman om ei oppgåve.

Forslag til bacheloroppgåver vert presentert for studentane på eit møte på våren i 2. studieår. Oppgåvene vert fordelt etter ei samla vurdering, der studentane sine ynskje vert lagt vekt på.

Obligatorisk læringsaktivitet

    1. Obligatorisk deltaking på samlingar. Krav til frammøte på samlingar heng saman med kva for oppgåve gruppa jobbar med
    2. Innlevering av innleiing og framdriftsplan
    3. Munnleg gruppepresentasjon av oppgåva før innleveringsfristen

Alle aktivitetane må vere gjennomført innan gitte fristar.

Vurderingsform

Bacheloroppgåve

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Dersom bacheloroppgåva er skrive i ei gruppe gjeld reglane for gruppeeksamen og karakteren er lik for heile gruppa. Ved ikkje bestått eksamen, kan gruppa levere forbetra versjon i påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillate; Merk særskilt om bruk av Kunstig intelligens (KI): Hjelpemiddel ved eksamen - Høgskulen på Vestlandet

Meir om hjelpemiddel