Hopp til innhald

PPUA304 Praksis 2

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Hovudtema i andre praksisemnet er å få innsikt i skulen som organisasjon, profesjonsfellesskap og samhandling med interne og eksterne aktørar. Studenten skal også vidareutvikle hovudtema frå første praksisemne; lærarrolla og klasseleiing.

Døme på tema som vert gjennomgått på høgskulen i løpet av studieåret og som kan brukast som utgangspunkt i rettleiingssamtalar mellom praksislærar og student:

  • klasseleiing
  • barn og unge i utsette livssituasjonar
  • medborgarskap og det fleirkulturelle samfunnet
  • berekraftig utvikling
  • skuleutvikling og kompetanseutvikling
  • samiske forhold og samiske elevar sine rettar
  • organiseringsformer og læringsrom i og utanfor skulen

Praksisemnet er ein obligatorisk del av utdanninga og består av totalt 30 dagar rettleia og vurdert praksis. Studentane gjennomfører ein 6 veker samanhengande praksisperiode med særleg fokus på sjølvstendig opplæringsansvar. Studentene skal også delta på praksisførebuingar i regi av HVL. Studentane skal gjere seg kjent med innhaldet i emneplanen og retningslinjene for praksisstudiet på HVL sine nettsider for praksis.

Læringsutbytte

Ved fullført praksisemne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar og ferdigheiter

Studenten

  • kan samhandle med elevar, føresette, kollegaer og andre interne og eksterne aktørar
  • kan ta ansvar for å utvikle og leie inkluderende, kreative, trygge og helsefremmande læringsmiljø
  • kan bidra til endringsprosessar og samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenkning i skulen og involvere lokalt samfunns-, arbeids- og kulturliv i opplæringa
  • kan sjølvstendig vidareutvikle eigen kompetanse
  • kan opptre profesjonelt og rette seg etter gjeldande normer, reglar og lover i arbeidslivet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

I starten av praksisperioden bør studenten få noko tid til å observere praksislærar, og eventuelt andre lærarar si undervisning. Vidare skal studenten bli involvert som medlærar når praksislærar eller andre har undervisningsansvaret, før studenten sjølv får ansvar for å sjølvstendig planlegge, gjennomføre og vurdere eiga undervisning. Så langt det er mogleg følger studenten arbeidsdag og arbeidsoppgåvene til praksislærar. Dette inkluderer mellom anna teamarbeid, møte, skule-heim-samarbeid og andre relevante arbeidsoppgåver.

Etter avtale med praksislærar skal studenten levere eit planleggingsdokument når studenten har ansvar for undervisning. Praksislærar skal få planleggingsdokumentet i god tid før undervisninga slik at studenten kan få rettleiing i forkant av undervisningsøkta.

Obligatorisk læringsaktivitet

-

Vurderingsform

Obligatorisk 30 dagar rettleidd og vurdert praksis.

Sluttvurdering vår: Bestått/ikkje bestått.

Studenten skal få ei individuell skriftleg sluttvurdering av praksislærar.

Studenten kan ikkje klage på vurderingsresultat i praksis. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre andre forsøk neste gang emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel