Hopp til innhald

PS1-300 Fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I dette emnet blir omgrep, ulike teoriar og modellar knytt til psykisk helsearbeid belyst. Emnet inneheld òg behandling og innsikt i korleis psykiske helseproblem og liding kan oppstå. Tema er:

  • Psykisk helsearbeid og rusarbeid som teoretisk og praktisk kunnskapsfelt
  • Psykisk helsearbeid/ psykisk helsevern
  • Komorbide tilstandar i rus/psykisk liding
  • Myndiggjering, meistring og resiliens
  • Psykososiale behandlingsmetodar i psykisk helsearbeid og rusbehandling
  • Rettleiing og rettleiarrolla

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap: Studenten...

  • har avansert kunnskap om psykisk helsearbeid som kunnskapsfelt
  • har inngåande kunnskap om komorbide tilstandar i rus/psykisk liding
  • har avansert kunnskap om forskings- og erfaringsbaserte behandlingsformer for rus og psykiske lidingar

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan nytte kunnskap om sentrale teoriar og forskingsresultat i psykisk helsearbeid
  • kan nytte anerkjent kunnskap om rus og psykiske lidingar og behandling på ein sjølvstendig måte
  • kan grunngi og nytte kunnskap om myndiggjering, meistring og resiliens på ein sjølvstendig måte

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan analysere relevante faglege og yrkesmessige utfordringar med bakgrunn i teori og brukar sine individuelle behov
  • kan nytte anerkjent kunnskap om rus og psykiske lidingar, og kommunisere faglege problemstillingar med fagpersonar og andre

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåveskriving individuelt og i gruppe, kollokviegrupper, rettleiingsgrupper, seminar med diskusjonar, sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering:

1. Ei individuell skriftleg oppgåve relatert til psykisk helse og rusarbeid. Presentasjon i gruppe. Omfang 2000 ord

2. Obligatorisk 80 % frammøte til rettleiing i gruppe (3 timar)

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, individuell.

Vurderingsuttrykk Gradert karakter A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel