PS1-301 Vitskapsteori, metode og etikk
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar og perspektiv, og fokuserer på korleis dei kjem til uttrykk i val av metode, analyse av data og formidling. Fokus er retta mot vitskapleg verksemd generelt, og forsking innan psykisk helsearbeid spesielt. Evne og vilje til å stille kritiske vitskapsteoretiske, metodologiske og etiske spørsmål ved korleis forskingsprosjekt planleggast, gjennomførast og formidlast i vitskapelige publikasjonar vert vektlagt. Sentrale tema som blir belyst er:
- Vitskapsteori og metode
- Litteraturstudie
- Akademisk skriving
- Datainnsamlingsmetodar for kvantitativ og kvalitativ metode
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap: Studenten...
- har inngåande kunnskap om vitskapsteoretiske tradisjonar og perspektiv
- har inngåande kunnskap om karakteristika ved kvantitative forskingsmetodar og kvalitative forskingsmetodar
- har inngåande kunnskap om etiske prinsipp for forsking, og evne til å kritisk vurdere etiske aspekt ved gjennomføring av et forskingsprosjekt
- har inngåande kunnskap om prinsipp for akademisk kjeldehandtering og siteringspraksis.
- har kunnskap om å planlegge, gjennomføre og evaluere kvalitetsforbetringsarbeid i helsetenesta
- har inngåande kunnskap om etiske og metodiske utfordringar av spesielt stor relevans for psykisk helsearbeid
Ferdigheiter: Studenten...
- kan kritisk evaluere metodologiske aspekt ved kvalitative og kvantitative forskingsprosjekt
- kan identifisere og kritisk evaluere etiske aspekt ved kvalitetsforetringsarbeid/forskingsprosjekt
- kan kritisk vurdere kjeldebruk i vitskapelige publikasjonar
Generell kompetanse: Studenten...
- har innsikt i vitskapsteoretiske og metodologiske aspekt ved vitskapleg verksemd generelt
- kan nytte kunnskapen til å stille kritiske vitskapsteoretiske, metodologiske og etiske spørsmål ved korleis forskingsprosjekt planleggast, gjennomførast og formidlast i vitskapelege publikasjonar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, oppgåveskriving individuelt og i gruppe, kollokviegrupper, rettleiingsgrupper, seminar med diskusjonar, sjølvstudium.
Gruppeoppgåve basert på kritisk gjennomlesing av fagfellevurderte vitskapelige artiklar med spesiell relevans for fagfeltet. Munnleg framlegg i plenum.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering;
1. Oppgåve, der sentrale spørsmål knytt til vurdering av vitskaplege artikkel blir presenterte i gruppe.
2. Minst 80 % deltaking i rettleiingsgruppe (2 timar).
3. Obligatorisk deltaking i seminar.
Vurderingsform
Individuell skrifteleg skuleeksamen, 4 timar.
VurderingsuttrykkKarakterskala A - F, med A som beste karakter og karakteren F som ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel