Hopp til innhald

PSNA401 Pedagogisk leiing og natur som danningsarena

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emneplanen bygger på Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning og emnet er ei fordjuping i bachelorstudiet Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning. Studiet er lagt til haust- og vårsemesteret fjerde studieår. Kunnskapsbasen bygger i hovudsak på faga pedagogikk, naturfag og fysisk fostring

Emnet er basert på undervisning med praktisk arbeid ute, seminargrupper, sjølvstudium og førelesing. Undervisninga er forskingsbasert og profesjonsretta.

Det overordna målet med emnet er at studentane tileignar seg kunnskap om følgande tema:

  • Pedagogisk leiing
  • Småbarnspedagogikk
  • Pedagogisk friluftsliv
  • Natur som danningsarena

Vurdering og praksis er tilrettelagt slik at studentane har mulighet til å fordjupa seg vidare i deler av tematikken.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om leiing av barnehagen som ein lærande organisasjon
  • har kunnskap om barns medverknad og demokrati
  • har kunnskap om barns undring, nysgjerrigheit, meistring og leik, med særleg fokus på dei yngste
  • har kunnskap om pedagogisk friluftsliv, naturen som danningsarena og praktisk arbeid med barn
  • har kunnskap om korleis ein heilhetlig kan fremme berekraftig utvikling og didaktiske praksisar med natur som danningsarena i barnehagen

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan ved bruk av observasjon og analyse, leie og utvikle barnehagens innhald
  • kan kritisk reflektere over barnehagen sitt læringsmiljø med tanke på barns medvirkning, med særlig fokus på dei yngste barna og deira væremåte
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere tverrfaglege natur- og friluftsaktivitetar, som fremmar alle barn sin meistring, nysgjerrigheit, oppdagarglede og sjølvutvikling
  • kan bruke naturen som ein ressurs i barnehagen med fokus på å utvikle relasjon til natur

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan leie og rettleiie pedagogisk arbeid der barn og personalet medvirker
  • kan kritisk vurdere og reflektere over eigen veremåte i tråd med barnehagens formål
  • kan utøva profesjonelt skjønn og kritisk reflektera fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til dei yngste barna i barnehagen
  • kan vurdere og ta i bruk relevant forsking i barnehagen
  • kan analysere og reflektere over korleis berekraft kan legge premisser for barnehagens virksomhet
  • meistrar norsk språk på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan formidle sentralt fagstoff muntleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innanfor utdanningas ulike fagområder og dele sine kunnskapar og erfaringar med andre

Krav til forkunnskapar

Bestått alle emne første og andre studieår og praksis 3. år

Tilrådde forkunnskapar

LSUA301 Ledelse, samarbeid og utviklingsarbeid

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil bli gitt gjennom førelesingar, praktiske-metodiske og studentaktive læringsformer. Dette kan vera refleksjons- og drøftingsarbeid i grupper, rettleiing, seminararbeid og utvikling av praktiske prosjekt.

Canvas er HVL si digitale læringsplattform og det ligg som ein premiss at studentane bruker denne plattforma aktivt.

Praksis gjennomføres etter egne læringsutbytter som står oppført i studieplanen. Informasjonen om praksis (ABLUPR401) ligger i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsiden for praksis i barnehagelærerutdanningen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Mykje av undervisninga er obligatorisk. Alle obligatoriske læringsaktivitetar blir nærare presisert ved semesterstart og vert knytt til læringsutbytta i emnet. Frammøte og deltaking i desse læringsaktivitetane er å rekna som godkjend, og fråvær vert rekna som ikkje godkjend. 

Obligatoriske læringsaktivitetar: 

  • Ekskursjon med overnatting knytt til læringsutbytta:
    • Studenten kan planlegge, gjennomføre og evaluere tverrfaglege natur- og friluftsaktivitetar, som fremmar alle barn sin meistring, nysgjerrigheit, oppdagarglede og sjølvutvikling.
    • Studenten har kunnskap om pedagogisk friluftsliv, naturen som danningsarena og praktisk arbeid med barn.
    • Studenten kan bruke naturen som ein ressurs i barnehagen med fokus på å utvikle relasjon til natur.
  • Ei individuelt oppgåve knytt til læringsutbytta:  

    • Studenten kan planlegge, gjennomføre og evaluere tverrfaglege natur- og friluftsaktivitetar, som fremmar alle barn sin meistring, nysgjerrigheit, oppdagarglede og sjølvutvikling.
    • Studenten kan leie og rettleiie pedagogisk arbeid der barn og personalet medvirker.
  • Ei oppgåve i gruppe knytt til læringsutbytta: 
    • Studenten har kunnskap om leiing av barnehagen som ein lærande organisasjon
    • Studenten har kunnskap om barns medverknad og demokrati

Obligatoriske læringsaktivitetar blir vurdert som godkjent / ikkje godkjent. Dei må være levert / gjennomført til fastsett innleveringsfrist for at det skal bli vurdert. Dersom ein av dei ikkje blir godkjent, får studenten ein (1) moglegheit til ny innlevering / gjennomføring innanfor ordinært studieforløp i emnet. Nytt forsøk må være avvikla seinast 3 veker før eksamen startar.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, individuell, 30 minutt.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Spesifiserte hjelpemiddel:

Eigne notater til presentasjon

Meir om hjelpemiddel