SA597 Danning og akademisk handverk - historie
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar og fag si forståing av og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til utdanning og berekraft for å fremje perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.
Danning seier noko om korleis personlegdom, oppførsel og moral til eit menneske formast i eit samfunn. Menneskets evne til å forma seg og la seg forma med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.
Utdanning byggjer menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring. Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).
Emnet går i det første semesteret av studiet og skjer i samspel med studentar og fagleg tilsette. Innføringsemnet har ein felles del som utgjer 5 studiepoeng og ein spesifikk utdanningsdel som tilvanleg på 5 studiepoeng. Fellesdelen og utdanningsdelen i emnet utgjer ei integrert eining i undervisninga.
Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving,informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidaten
- kjenner til hovudlinjene i diskusjonen om berekraftig utvikling i det globale samfunnet
- har kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og forskingsbasert kunnskap
- har kunnskap om relevansen av profesjonell kompetanse og om forholdet mellom teori og praksis i eigen profesjon eller i eige fagområde
- har kunnskap om forholdet mellom profesjonell kompetanse, arbeidsliv og samfunn i samtid og fortid
- har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid
- har kunnskap om etikk
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt
- kan identifisere og reflektere over sentrale etiske problemstillingar og dilemma
- kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging
- kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe
- kan formidle sentralt fagstoff og diskusjonar om berekraft og vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasserompedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas.
Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursforelesningar og aktivitetar som fremjar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Studentane får rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet:
- Individuelt refleksjonsnotat knytt til berekraftsmåla og/eller eigen profesjon eller eige fagområde.
- Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
- Deltaking i gruppearbeid med rettleiing knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft samt refleksjonar omkring eige fagområde og til vitskapane generelt.
Vurderingsform
Skriftleg gruppebasert oppgåve.
Omfang: 2000 ord pluss/minus 10%.
Karakterskala: bestått/ikkje bestått.
Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere omarbeidd versjon seinast ved utgangen av påfølgjande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel