SAB140 Rammer for sosialt arbeid i velferdstenestene
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet tek føre seg det offentlege si rolle som forvaltar av velferdsgode. Hovudfokus for emnet er rammevilkåra for sosialt arbeid og korleis desse påverkar handlingsrommet. Emnet er delt likt mellom juridiske og statsvitskaplege tema, som saman gir innføring i korleis lover, organisering og sosialpolitiske føringar set rammer for utøvinga av sosialt arbeid.
I emnet vert det innføring i demokrati og politisk organisering på kommunalt og statleg nivå. Studentane skal tileigne seg ei forståing for politisk styring og betydinga av demokrati og sentrale demokratiske prinsipp.
I emnet vert det også innføring i organisasjonsteori. Viktige tema er å forklare kva ein organisasjon er, kva mål organisasjonar kan ha og kva som meinast med organisasjonsstruktur. Studentane skal få kjennskap til organisasjonar som er relevante for sosialarbeidarar, og ulike organisasjonsmodellar som er relevante for organisasjonar som sosialarbeidarar jobbar i.
Gjennom ei innføring i velferds- og sosialpolitikken tek vi opp korleis politiske føringar og diskusjonar er sentrale premiss for utforminga av velferdstenestene. Studentane skal opparbeide seg kunnskap om sosialarbeidaren si rolle i utføring og utforming av sosialpolitiske målsetjingar.
Emnet gir ei innføring i juridisk metode, der fokus er på korleis lovverket er bygd opp og korleis ein løyser juridiske problemstillingar gjennom riktig rettsleg argumentasjon. Det blir gitt ei innføring i forvaltningsrett med fokus m.a. på reglar om teieplikt, habilitet og krav som blir stilt til sakshandsaminga. I tillegg blir det undervist i trygde- og sosialrett.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten…
- har brei kunnskap om velferdspolitiske mål og verkemiddel, ulike velferdsmodellar og velferdspolitikkens betyding for sosialt arbeids praksis.
- har kunnskap om ansvars- og arbeidsfordeling i velferdsforvaltinga, tverrprofesjonelt samarbeid og samspelet mellom offentleg, privat og frivillig sektor.
- har kunnskap om velferdsstatens utvikling og utviklinga av profesjonar i etterkrigstida.
- har kunnskap om relevant juridisk metode og sentral lovgivning innen velferdsforvaltning, herunder forvaltningsrett og lovgivning innen velferd og sosiale tjenester.
- har kunnskap om tilhøve som regulerer norsk arbeidsliv.
- har kjennskap til menneskerettigheter og sentrale konvensjoner og minoriteter, herunder samenes rettigheter og særskilte status som urfolk.
Ferdigheiter: Studenten…
- kan anvende rettsreglar, opplyse om rettar og plikter og utøve juridisk og sosialfagleg skjøn i møtet med enkeltpersonar, familiar og grupper, mellom anna samiske brukarar.
Generell kompetanse: Studenten…
- har kjennskap til maktstrukturar og maktutøving i samfunnet.
- har kjennskap til politiske og administrative vedtaksprosessar og korleis sosionomar kan medverke til allmenn opplysing og politisk rådgjeving.
- har kjennskap til og kan reflektere kritisk over si profesjonelle rolle i møtet med institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
I dette emnet vert studentaktive arbeidsformer vektlagd. Det vært nytta studentaktive læringsformer i form av litteraturstudium, digital undervisning, førelesningar, seminar, gruppearbeid og ferdigheitstrening i oppgåveskriving.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen:
- Deltaking i ferdigheitstrening. Krav om minimum 80% deltaking.
- Godkjent individuell skriftleg oppgåve. Omfang: Inntil 1500 ord.
Godkjende læringsaktivitetar er gyldige i fire semester.
Vurderingsform
Eksamen Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er greidd og F er ikkje greidd.
Ny eksamen Ny skuleeksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovsamling
Meir om hjelpemiddel