SAB390 Bacheloroppgåve
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I dette emne skal studentane tileigne seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i akademisk skriving av ei sjølvstendig fordjupingsoppgåve. Val av tema og problemstilling skal ha sosialfagleg relevans og drøftast i lys av relevant teori og forsking. Det vert gitt undervisning i skriving av bacheloroppgåve og arrangert seminar. Sjølvstudium vert vektlagd som læringsform i emnet. Studentane får tilbod om fire rettleiingstimar (ein rettleiingstime i oppgåveseminar og tre individuelle rettleiingstimar).
Bacheloroppgåva skal skrivast i tråd med Rettleiar for bacheloroppgåve ved FHS. Student og rettleiar inngår ein skrifteleg rettleiingsavtale i starten av arbeidet med bacheloroppgåva.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten...
- har brei kunnskap om teoretiske perspektiv, erfarings- og brukarkunnskap i sosialt arbeid.
- kjenner til faget sine vitskapsteoretiske posisjonar, og kunnskapsutvikling.
- kjenner til samfunnsvitskapeleg metode og den sine mogelegheiter og avgrensingar.
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid relevant for sosialt arbeid, nasjonalt og internasjonalt.
Ferdigheiter: Studenten...
- kan anvende forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i oppgåveskriving.
- kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff, samt framstille dette skriftleg.
Generell kompetanse: Studenten...
- har innsikt i og kan reflektere kritisk over sin profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav.
- kan formidle faget og bidra til utvikling av god praksis.
- kan formidle faglig kunnskap som fremmer likeverd og mangfald og bidrar til likestilling, inkludering, mestring og deltaking i kvardag, skule og arbeidsliv.
Krav til forkunnskapar
For å kunne levere bacheloroppgåva må alle emne i 1. og 2. studieår, samt 5. semester vere bestått. I tillegg må studenten ha eksamensrett i SAB320.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet inneheld plenumsundervisning, bruk av læringsressurser i canvas, temaskisseverkstad og oppgåveseminar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Godkjend prosjektplan. Omfang inntil 1500 ord.
- Deltaking i oppgaveseminar med rettleiing på prosjektplan. Krav om 100% deltaking.
- Deltaking i minimum ei individuell rettleiing.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i fire semester.
Vurderingsform
Oppgåve Bacheloroppgåva skal maksimalt vere på 8000 ord. Tittelside, innhaldsliste, samandrag, referanseliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg.
Bacheloroppgåva skal synliggjere i kva grad studenten oppnår læringsutbyte for emnet, og i kva grad studenten nyttar vitskapeleg metode og kan jobbe systematisk med ein fagleg problemstilling. Opptil fire studentar kan etter søknad skrive bacheloroppgåve saman.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten omarbeidd, skriftleg besvarelse til ny eksamen i påfølgande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne, sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
Meir om hjelpemiddel