Hopp til innhald

SOS120 Ungdomssosiologi

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet er del av ein nettbasert bachelor i sosiologi. Undervisninga går føre seg digitalt. Emnet gir ei innføring i ungdomssosiologiske tematikker og problemstillingar. Eit fokus på ungdom gir et inntak til å forstå kordan samfunn endrast og vedlikehaldas, gjennom at nye generasjonar sosialiserast inn i, men også sjølv er med å forme eksisterande samfunnsformer. Sentrale tema er oppvekstvilkåra til unge i seinmoderne samfunn, identitet, ungdomskultur og generasjonsrelasjonar. I dette emnet blir ungdoms tilpassingar og meiningsdanning i lokale kontekstar vektlagt. Studenten får høve til å organisere/ leie diskusjonar med andre studentar på emnet og skrive ein kort sosiologisk tekst. Undervisninga er bygd opp kring klassisk og nyare faglitteratur og forskingsresultat.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne

  • Har studentane kunnskap om oppvekstvilkåra til unge i seinmoderne samfunn
  • Kjenner studentane til grunnleggjande omgrep i ungdomssosiologien som ungdom, livsløp, identitet, ungdomskultur, jamaldringsgrupper osb.
  • Kjenner studentane til ungdomssosiologiske problemstillingar på grunnleggjande nivå knytt til utdanning, arbeid, identitet, familie, venner, økonomi, livstil, avvik, politisk engasjement, osb.
  • Har kandidaten kunnskap om sentrale spørsmål i ungdomssosiologi, kva for plass ungdomssosiologi har i samfunnsvitskap spesielt og i samfunnet generelt, korleis ungdomssosiologi har utvikla seg i samspel med samfunnet, og kva for ulike former for nytteverdi ungdomsforsking har i dag
  • Kjenner studentane til kva for rolle ungdomssosiologi kan ha i praktisk arbeid med ungdom

Ferdigheiter

Etter fullført emne

  • Kan studentane finne, vurdere og vise til ungdomssosiologisk faglitteratur/studiar
  • Kan studentane orientere seg i relevant ungdomssosiologisk faglitteratur
  • Kan studentane presentere innhaldet i ungdomssosiologiske fagtekstar på grunnleggjande nivå
  • Kan studentane reflektere over ungdomssosiologiske problemstillingar på grunnleggjande nivå

Generell kompetanse

Etter fullført emne

  • Har studentane fått innsikt i ungdomssosiologien som grunnlag for vidare studiar
  • Kan studentane utveksle synspunkt på og erfaringar med ungdomssosiologiske spørsmål og problemstillingar
  • Kan studentane planleggje og gjennomføre formidling av sentrale tema i ungdomssosiologien

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Nettførelesingar, gruppearbeid, skriftlege innleveringar og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentar skal skrive ein kort tekst. Omfang 800 ord. (Godkjend/ikkje godkjend)

Arbeidskravet må vere gjennomført til fastsett frist og godkjend før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Semesteroppgåve. Oppgåva skal vere på mellom 1500 og 1800 ord. Ved ikkje greidd kan omarbeidd oppgåve leverast. Ved ikkje greidd på andre forsøk må ein levere oppgåve med ny problemstilling.

Karakterskala A-F der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SA595 - Innføring i ungdomssosiologi - Reduksjon: 10 studiepoeng