Hopp til innhald

SOS130 Klassiske sosiologiske perspektiv

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet er del av ein nettbasert bachelor i sosiologi. Undervisninga går føre seg digitalt. Emnet skal formidle ei forståing av sosiologiske perspektiv frå klassiske teoritradisjonar. Studentane får ei innføring i tradisjonell makro-sosiologi med vekt på relasjonane mellom sentrale sosiale institusjonar, so vel som meir mikro-sosiologiske tilnærmingar. Det moderne industrisamfunnet med si teknologiske utvikling og framveksten av kapitalistisk økonomi, dannar det tematiske bakteppet for dei klassiske teoribidraga i emnet. Moderne samfunnsfenomen slik som urbanisering, aukande arbeidsdeling, framandgjering, rasjonalisering, byråkratisk utvikling, og nye former for samhald og samfunnsorganisering vil bli belyst i emnet.

Studentane får og ei innføring i sosiologien si historie, grunnproblem, arbeidsmåtar og samfunnsmessige funksjon.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne:

Kunnskapar

  • har studenten brei kunnskap om klassisk sosiologisk historie, teoritradisjonar og eigenart mellom andre human- og samfunnsvitskapar
  • kjenner studenten til grunnleggjande sosiologiske omgrep
  • har studenten kunnskap om førekomsten av sosiale mønster, prosessar og meiningsdanning

Ferdigheiter

  • Kan kandidaten finne, vurdere og vise til fundamentale sosiologiske teoritradisjonar og perspektiv i akademisk arbeid
  • kan studenten reflektere over samfunnsprosessar frå ein sosiologisk ståstad
  • kan studenten vurdere og justere eigne faglege arbeid i møte med ny kunnskap og nye faglege tilnærmingar

Generell kompetanse

  • kan studenten formidle sentralt fagstoff og utveksle synspunkt i diskusjon om grunnleggande sosiologiske omgrep og teoritradisjonar
  • har studenten innsikt i den allmenne samfunnsdebatten og kan utveksle erfaringar i denne med utgangspunkt i klassisk sosiologisk kunnskap

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, sjølvstudium, seminar med gruppearbeid og presentasjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Todelt munnleg eksamen:

1. Munnleg presentasjon etter oppgjeven oppgåvetekst.

2. Overhøyring i pensum.

Både del 1 og del 2 må vere greidd for å få ein samla greidd karakter. Oppgåveteksten vert delt ut ei veke før munnleg eksamen.

Ved ny eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter vil det bli gjeven ny oppgåvetekst.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SO103 - Klassiske sosiologiske perspektiv - Reduksjon: 10 studiepoeng