SOS140 Nyare sosiologiske perspektiv
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet er del av ein nettbasert bachelor i sosiologi. Undervisninga går føre seg digitalt. Emnet fører vidare og utviklar tema frå dei klassiske teoritradisjonane, og skal gje ei forståing av nyare sosiologiske perspektiv og teoribidrag. Studentane får ei vidareføring i makro-sosiologi med vekt på forhold mellom sentrale sosiale institusjonar, og i mikro-sosiologiske tilnærmingar gjennom studiet av sosial samhandling. Sentralt står ulike teoretiske analysar av den sokalla aktør/struktur-debatten og andre teoretiske diskusjonar knytt til sosial endring og orden, mennekesyn, handlingsmotiv og ulike verdi- og rasjonalitetsorienteringar.
Særleg gjev emnet ein introduksjon til nyare sosiologiske teoriar knytt til tema som aukande individualisering, globalisering, digitalisering og kulturell frisetjing.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne:
Kunnskapar
- har studenten brei kunnskap om sosiologiens nyare historie, teoritradisjonar og eigenart mellom andre human- og samfunnsvitskapar
- kjenner studenten til grunnleggjande sosiologiske omgrep (t.d. grupper, roller, relasjonar, interaksjon, institusjonar, klassar, lagdeling, osb.)
- har studenten kunnskap om førekomsten av nyare perspektiv på sosiale mønster, prosessar og meiningsdanning
Ferdigheiter
- Kan kandidaten finne, vurdere og vise til nyare sosiologiske teoritradisjonar i akademisk arbeid
- kan studenten reflektere over samfunnsprosessar frå ein sosiologisk ståstad
- kan studenten vurdere og justere eigne faglege arbeid i møte med ny kunnskap og nye faglege tilnærmingar
Generell kompetanse
- kan studenten formidle sentralt fagstoff og utveksle synspunkt i diskusjon om sosiologiske omgrep og nyare teoritradisjonar
- har studenten innsikt i den allmenne samfunnsdebatten og kan utveksle erfaringar i denne med utgangspunkt i sosiologisk kunnskap
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SOS130 Klassiske sosiologiske perspektiv
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, sjølvstudium, seminar med gruppearbeid og presentasjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Skisse til semesteroppgåve (maks 500 ord) med tilbod om tilbakemelding. Den obligatoriske læringsaktiviteten må blir vurdert til "godkjend" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjend" vil ein få ein ny sjanse.
Vurderingsform
Semesteroppgåve med omfang på 1800 til 2000 ord. Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd. Ved ikkje bestått, kan omarbeidd oppgåve leverast. Ved ikkje bestått på andre forsøk, lyt ein levere oppgåve med ny problemstilling.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle lovlege hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- SO104 - Nyare sosiologiske perspektiv - Reduksjon: 10 studiepoeng