SOS160 Sosiologisk forskingsmetode
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet er del av ein nettbasert bachelor i sosiologi. Undervisninga går føre seg digitalt. Emnet gjev ei grunnleggande innføring i korleis samfunnsvitskaplege undersøkingar blir gjennomførte. Undervisninga er bygd opp kring dei ulike stega i ein forskingsprosess, frå utforming av problemstilling og innsamling av data, til analyse av data og tolking av det endelege forskingsresultatet. Eit sentralt tema er kva som skil bruken av kvantitative og kvalitative data.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne:
- kan studenten definere grunnleggande omgrep i sosiologisk forskingsmetode
- har studenten kunnskap om dei mest brukte forskingsmetodane i sosiologien
- kan studenten gjere greie for ulike kvalititive og kvantitative undersøkingsopplegg
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- diskutere sterke og svake sider ved bruk av kvantitative og kvalitative data
- diskutere og grunngje metodeval med utgangspunkt i ulike typar problemstillingar
- utforme ein plan for, og gjennomføre ei kvalitativ undersøking
- gjere analysar av kvantitative data ved bruk av eit statistisk analyseverktøy
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- vurdere og tolke metodebruk i sosiologisk og anna samfunnvitskapleg forsking
- vurdere og halde seg kritisk til det metodiske grunnlaget for forskingsresultat som blir presentert i det offentlege ordskiftet
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, skriftlege oppgåver og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav 1: Fleirvalstest (multiple choice) i kvantitativ metode.
Vurderingsform
Semesteroppgåve i kvalitativ metode med omfang på 1300 til 1500 ord.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. Ved ikkje bestått, kan omarbeidd oppgåve leverast. Ved ikkje bestått på andre forsøk lyt ein levere oppgåve med ny problemstilling.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tilatt
Meir om hjelpemiddel