Hopp til innhald

SPE590 Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet legg vekt på forskingsprosessen sitt bidrag i utviklinga av litteraturgrunnlaget for spesialsjukepleie. Vidare legg emnet vekt på ei vitskapleg tilnærming med systematisk bruk av teori og forskingslitteratur. Sentralt i emnet er vitskapleg perspektiv, forskingsmetode og forskingsetikk i vurdering og handteringa av forskingsprosessen. Emnet er bygd opp kring handtering av forskingsspørsmål med relevans for spesialsjukepleie.

Emnet er bygd opp kring fordjuping og forsking i eige fagfelt, og gjennomføringa av eit sjølvstendig og avgrensa vitskapeleg arbeid til utvikling av litteraturgrunnlaget innan den valte spesialiteten.

Masteroppgåva skrivast i tråd med Rettleiar for masteroppgåva ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.

Studenten fyller ut ein rettleiaravtale og sender den til veileder. Avtalen skal signerast av student ovg rettleiar etter at temaet og metoden for masteroppgåven er planlagt. Studenten har ansvar for å laste den signerte avtalen opp i Canvas, der avtalen blir godkjend.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:Studenten…

  • har inngåande kunnskap om vitskapsteoretiske perspektiv, forskingsmetodar, forskingsprosessen, vitskapleg arbeid, forskingsetikk, personvernreguleringar og krav til innsamling og handtering av sensitive data, som er relevant for spesialsjukepleie
  • har spesialisert innsikt i dei valde metodiske tilnærmingane i det aktuelle forskingsarbeidet
  • har avansert kunnskap og spesialisert innsikt i eit avgrensa område relevant for utøving av spesialsjukepleie

Ferdigheiter:Studenten…

  • kan analysere og anvende teori og metodar til å formulere og strukturere faglege og teoretiske problemstillingar innan klinisk spesialsjukepleie
  • kan analysere og ha eit kritisk forhold til forskings-, brukar- og erfaringskunnskap for å medverke til utvikling av tenester i klinisk spesiasjukepleie
  • kan gjennomføre et sjølvstendig avgrensa forskingsarbeid under rettleiing og i tråd med forskingsetiske prinsipp

Generell kompetanse:Studenten…

  • kan bruke og formidle forskingsarbeid for å bidra til utvikling av helsetenesta i klinisk sjukepleie - ABIO
  • kan analysere, konkludere og formidle faglege problemstillingar innan klinisk spesialsjukepleie
  • kan analysere relevante forskingsetiske problemstillingar innan klinisk spesialsjukepleie

Krav til forkunnskapar

Bestått emna i fyrste studieår før ein kan starte på masteroppgåva.

Alle emnene i første og andre studieår tilsvarende 90 sp. må vere bestått før studenten kan levere inn masteroppgåven til vurdering.

Undervisnings- og læringsformer

Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid, eller inngå som ein avgrensa, sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Masteroppgåva kan utarbeidast individuelt eller ei gruppe på to. Rettleiing individuelt eller i grupper, gjerne digitalt. Emnet er lagt opp til sjølvstendig arbeid, og med framlegg og opposisjon i oppgåveseminar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan levere masteroppgåva.

  1. Delta på minimum 5 rettleiingar
  2. Deltaking på to oppgåveseminar med framlegg og opposisjon

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er gyldige i to påfølgande semester.

Vurderingsform

Oppgåve

Tal på ord følger den form som studenten har valt for oppgåva, og framgår av rettleiar for masteroppgåva ved Fakultet for helse og sosialfag (FHS).

Masteroppgåva bygger på tidlegare førebuande arbeid med prosjektplan (eksamen MAMET1ABIO). Det er forventa at studenten brukar dette førebuande arbeidet i masteroppgåva.

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen

Ved ikkje bestått (karakter F) kan studenten levere ei omarbeida oppgåve til ny eksamen i løpet av dei to påfølgande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel