SYKDF110 Danning og akademisk handverk
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar og fag si forståing av og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til utdanning og berekraft for å fremja perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.
Danning seier noko om korleis personlegdom, oppførsel og moral til eit menneske formast i eit samfunn. Menneskets evne til å forma seg og la seg forma med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.
Utdanning byggjer menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring.
Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).
Emnet går i det første semesteret av studiet og skjer i samspel med studentar og fagleg tilsette. Innføringsemnet har ein felles del som utgjer 5 studiepoeng og ein spesifikk utdanningsdel som til vanleg er på 2,5 eller 5 studiepoeng. Fellesdelen og utdanningsdelen i emnet utgjer ei integrert eining i undervisninga.
I Lærarutdanning i praktisk-estetiske fag for trinn 1-13 (LUPE) har emnet eit omfang på 15 sp.
Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Kandidaten..
- kjenner til hovudlinjene i diskusjonen om berekraftig utvikling i det globale samfunnet
- har kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og forskingsbasert kunnskap
- har kunnskap om relevansen av profesjonell kompetanse og om forholdet mellom teori og praksis i eigen profesjon eller i eige fagområde
- har kunnskap om forholdet mellom profesjonell kompetanse, arbeidsliv og samfunn i samtid og fortid
- har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid
- har kunnskap om etikk
Ferdigheiter:
Kandidaten...
- kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt
- kan identifisere og reflektere over sentrale etiske problemstillingar og dilemma
- kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging
- kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava
Generell kompetanse:
Kandidaten...
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe
- kan formidle sentralt fagstoff og diskusjonar om berekraft og vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasserompedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas.
Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursforelesningar og aktivitetar som fremjar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Studentane får rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet:
- Individuelt refleksjonsnotat knytt til berekraft og eigen profesjon eller eige fagområde (lengde på notatet må definerast av studieprogramansvarleg i tråd med emneomfang).
- Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
- Deltaking i gruppearbeid med rettleiing knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft samt refleksjon omkring eige fagområde og til vitskapane generelt.
Ved fråvær frå obligatoriske læringsaktivitetar gjeld dei same reglane som for gyldig fråvær i praksis, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL.
Vurderingsform
Skriftleg gruppeoppgåve, lengde 1500 ord for 7,5 sp, 2000 ord for 10 sp og 3000 ord for 15 sp +/- 10%
Alle i gruppa skal bidra til eit felles produkt. Oppstår det tvil om en eksamenskandidat har bidratt tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal dette dokumenterast frå alle gruppemedlemmane og emneansvarlig. Høgskolen kan gjere vedtak om at eksamenskandidaten skal regnast for ikkje å ha møtt under eksamen. Studenten må da levere en ny oppgåve til ny eksamen. Jf. forskrifta: § 11-17 Gruppeeksamen
Vurderingsuttrykk: Bestått eller greidd/ikkje bestått eller ikkje greidd
Ny eksamen: Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere omarbeidd versjon seinast ved utgangen av påfølgjande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- NABP1003 - Danning og akademisk handverk - Sjømannskap - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BØA119 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SOS110 - Danning og akademisk handverk - Sosiologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
- SA597 - Danning og akademisk handverk - historie - Reduksjon: 5 studiepoeng