Hopp til innhald

TPHR503 Etikk, relasjon og samhandling

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I dette emnet har studenten fokus på forsking-,praksis,- og erfaringsbaserte tilnærmingar til etikk, kommunikasjon, relasjon og samhandling knytt til møte med enkeltpersonar, familiar, grupper, sosiale nettverk, og ulike samarbeidspartnarar.

Menneskerettar, tvangslovgiving og brukarmedverknad er sentrale tema i emnet. Gjennom teori og praktisk ferdigheitstrening vert menneskerettar, etiske og juridiske problemstillingar, eigne verdiar og haldningar, samt rolla som tverrfagleg psykisk helse-, rus-, og avhengigheitsarbeider, utforska og reflektert over. Studenten har i dette emnet særleg merksemd på samansette utfordringar og traumeproblematikk, vald og seksuelle overgrep, samt betydninga av faktorar som kjønn, alder og etnisitet.

Emnet set søkjelys på dialog og samarbeidsorienterte tilnærmingar som fremmar ressursmobilisering og betring. Relasjonar sin betydning vert tematisert og det vert diskutert korleis forskings-, praksis-, og erfaringsbasert kunnskap kan bidra til etisk refleksjon, kommunikasjon og relasjonskompetanse. Studentane har i dette emnet særskilt fokus på likepersonsarbeid og samarbeid med brukere og pårørende i et tverrfaglig og tverrsektorielt perspektiv.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse: Kunnskap: Studenten...

  • har avansert kunnskap om etikk, inkludert menneskerettar, sentrale verdiar og etiske problemstillingar, samt teoriar og framgangsmåtar for å identifisere og handtere etiske problemstillingar i praksis
  • har inngåande kunnskap om betydninga av relasjonen i møte med menneske med psykiske helse-, rusmiddel- og avhengigheitsproblem, deira familie og nettverk
  • har inngåande kunnskap om sentrale teoriar knytt til relasjon, kommunikasjon og samhandling
  • kan identifisere og analysere juridiske problemstillinger og anvende rettskilder knyttet til problemstillinger som tvang, samtykkekompetanse, varslingsplikt og menneskerettigheter
  • har inngåande kunnskap om brukarmedverknad og samarbeid med pårørende på ulike nivå
  • har avansert kunnskap om tverrprofesjonelt, tverretatleg og tverrsektorielt samarbeid
  • har avansert kunnskap om nettverksarbeid og nettverksintervenering, herunder korleis betring, gode kvardagsliv og sosial deltaking kan skapast gjennom dialog og samarbeid som mobiliserer ressursar hos dei det gjeldt og i deira sosiale nettverk

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan analysere og reflektere over etiske og juridiske problemstillingar i profesjonsutøving, og anvende framgangsmåtar for å handtere desse på en kontekstsensitiv og systematisk måte
  • kan styrke tenestemottakarar sin autonomi og medverknad, også i situasjonar som medfører gjennomføring av tvang og andre inngripande tiltak
  • kan bruke relevante kommunikasjons- og samhandlingsteorier for å initiere og inngå i relasjonar som fremmer hjelpande samhandling med menneske med psykiske helse-, rusmiddel- og/eller avhengigheitsproblem, og deira familie og nettverk
  • kan analysere, reflektere over og anvende avansert kunnskap om kommunikasjon i utfordrande samspelssituasjonar med menneske med psykiske helse-, rusmiddel- og/eller avhengigheitsproblem og deira familie og nettverk
  • kan bruke kunnskap om kommunikasjon og relasjon til sjølvstendig å legge til rette for at sensitive tema som krevjande livserfaringar, medrekna vald og seksuelle overgrep, blir identifisert og møtt
  • kan analysere og kritisk reflektere over korleis eigne haldningar, verdiar og veremåtar kan innverke på arbeid med den det gjeld, deira familie, nettverk og samarbeidspartar
  • kan gjennom dialog og samarbeid mobilisere ressursar hos dei det gjeld og deira nettverk på måtar som fremmer betring, gode kvardagsliv og sosial deltaking

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan analysere relevante etiske problemstillingar og utøve ei reflektert og forsvarleg praksis
  • kan nytte sine kunnskap og ferdigheter til å koordinere helhetlige og samordna tjenester med fokus på nettverket rundt brukeren/pasienten
  • legge til rette for relasjoner som fremmer hjelp og støtte samt være en viktig bidragsyter, koordinator og leder for samhandling på tvers av faggrupper, sektorer, tjenester og instanser
  • kan nytte sine kunnskapar og ferdigheiter slik at menneske med psykiske helse-, rusmiddel- og/eller avhengigheitsproblem, deira familiar og nettverk opplever seg møtt og forstått, og at deira ressursar og kompetanse blir anerkjent i felles samhandling for å fremme betring, gode kvardagsliv og sosial deltaking

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet kombinerer felles digital undervisning med samlingar på den respektive campus.

På samlingane er det lagt opp til studentaktivt arbeid. Her blir det nytta varierte undervisnings- og læringsformer, blant annet: førelesingar, gruppearbeid (for eksempel cafédialog, poster presentasjon, artikkelseminar osv.) og rettleiing i refleksjonsgrupper, ferdigheitstrening og refleksjonsnotat.

Det blir forventa at studentane samarbeider og driv sjølvstudium mellom samlingane.

Normal arbeidsinnsats for dette emnet på deltid er 20 timer per veke i gjennomsnitt.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Til stades 80% i refleksjonsgrupper
  1. Til stades 80% i ferdigheitstrening/studentaktive læringsaktivitetar
  1. Skriftleg, individuelt refleksjonsnotat knytt til eiga ferdigheitstrening

Vurderingsform

Oppgåve

Gruppeksamen med utarbeidelse av skriftlig oppgave og presentasjon i plenum i gruppe.

Vurderingsutrykk

Bestått / ikkje bestått

Ny eksamen

Ved ikkje bestått bearbeidast oppgåva til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler er tillatt. For mer informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) se Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel