TPHR504 Fagutvikling og praksis
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar forsking, fagutvikling, formidling og vil gje relevant erfaring med praksisnært arbeid med aktuelle målgrupper og problemstillingar innan psykisk helse-, rus- og avhengigheitsarbeid.
Med utgangspunkt i eigen profesjonskompetanse skal studentane i praksisstudiet utvikle sin praktiske, analytiske og kritiske kompetanse innan psykisk helse-, rusmiddel- og avhengigheitsarbeid. Vidare skal ein utvikle kompetanse i å koordinere og leie samhandling på tvers av sektorar og tenester. Studentane skal også utvikle kompetanse i å anerkjenne menneske med psykiske helse-, rusmiddel- og/eller avhengigheitsproblem, deira familiar og nettverk sine ressursar i felles samhandling for å fremme betring, gode kvardagslivdagsliv og sosial deltaking.
Emnet presenterer sentrale metodar til forsking på og vidareutvikling av psykisk helse-, rusmiddel- og avhengigheitsarbeid. Fagutvikling i tenestene, formidling av kunnskap og systematisk fagutviklingsarbeid skal vere i fokus både i praksis og i arbeid med avsluttande prosjektoppgåve.
I tråd med Forskrift om nasjonal retningslinje for tverrfaglig videreutdanning i psykisk helse-, rus- og avhengighetsarbeid § 21 vil praksisperioden vil ha eit omfang på 6 veker totalt.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten...
- har avansert kunnskap om betydninga av personleg engasjement, veremåte og verdiar for hjelpearbeidet
- har inngåande kunnskap om sentrale forskingsmetodar for å utøve og vidareutvikle psykisk helse-, rusmiddel-, og avhengigheitsarbeid
- har inngåande kunnskap om forskingsmetodar av relevans for fagutvikling og forbetring av tenester innan for psykisk helse-, rusmiddel- og avhengigheitsarbeid
- har avansert kunnskap om systematisk fagutviklingsarbeid og om vilkåra for fag- og utviklingsarbeid innan både psykisk helse-, rusmiddel- og/eller avhengigheitsarbeid
Ferdigheiter: Studenten...
- kan analysere og kritisk reflektere over korleis eigne haldningar, verdiar og veremåtar kan innverke på arbeid med den det gjeld, deira familie, nettverk og samarbeidspartar
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere fagutviklingsprosjekt med utgangspunkt i forskingsbasert, praksisbasert og erfaringsbasert kunnskap
- kan nytte sine kunnskapar og ferdigheiter til å koordinere tenester, leie tverrfaglege team og leie samhandling på tvers av grupper, sektorar, tenester og instansar
Generell kompetanse: Studenten...
- kan reflektere over eiga rolle og fagutøving i samhandling med brukarar/pasientar, pårørande og andre fagpersonar
- kan kommunisere om systematisk fagutvikling i tenestene i møte med menneske med psykiske helse-, rusmiddel- og/eller avhengigheitsproblem, andre involverte, samarbeidspartnarar, avgjerdstakarar og befolkninga generelt
- kan bidra til nytenking, prosjekt- og fagutvikling innan sitt fagområde
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet kombinerer felles digital undervisning med samlingar på den respektive campus. I emnet vil det bli nytta varierte, studentaktive undervisningsformer. Dette består av rettleia praksisstudiar, fagleg rettleiing i refleksjonsgrupper, forelesingar, skriftlege oppgåver, munnlege refleksjonar og sjølvstudium.
Det blir forventa at studentane samarbeider og driv sjølvstudium mellom samlingane.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:
Obligatoriske læringsaktivitetar i praksis:
- Det er krav til 90% oppmøte i praksis. Krav til oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom, og studenten må ha utfylt og godkjent gjeldande praksisdokument, jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet.
- Innlevering av læringsdokument.
- Innlevering av prosess- og evalueringsdokument.
- Deltaking på obligatorisk undervisning knytt til praksisførebuing.
Obligatoriske læringsaktivitetar knytt til forskingsmetode og fagutviklingsprosjekt:
- Gruppearbeid og seminar knytt til analyse og vurdering av vitskapeleg artikkel.
- Deltaking i seminar om fagutviklingsprosjekt med gruppeframlegg.
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2019-05-09-1000
Vurderingsform
Eksamen består av to delar som begge må vere bestått for at emnet samla skal vere bestått.
Del 1: Praksis Praksis har eit omfang på 6 veker og er knytt til fagutvikling og relasjonsarbeid: Praksis blir vurdert samla etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden.
Vurderingsuttrykk Bestått /ikkje bestått. Fråvær over 10% gir ikkje bestått praksis.
Ny vurdering del 1 ved ikkje bestått: Ny praksisperiode Dersom ein praksisperiode vurderast til ikkje bestått, må heile praksisperioden takast om igjen før studenten kan gå vidare i studiet. Studenten må gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne blir arrangert, jf. Kap. 10 i forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet - Kapittel 10. Praksis - Lovdata
Del 2: Oppgåve Skriftleg oppgåve knytt til eit fagutviklingsprosjekt 3000 ord +/-10 %. Oppgåva kan skrivast av 1 eller 2 studentar. Studentane får tilbod om ein rettleiingstime.
Vurderingsuttrykk Bestått/ikkje bestått.
Ny eksamen Ved ikkje bestått eksamen del 2 kan oppgåva bearbeidast til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler er tillatt. For mer informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) se Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
Meir om hjelpemiddel