VBB100 Vurdering av barnets beste
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Studiet er samlingsbasert. Det er lagt opp til seks samlingar, à tre dagar frå onsdag til fredag, fordelt på to semester. Tre samlingar haust og tre samlingar vår.
Hovudtema for samlingane: Samling 1: Profesjonell kompetanse og vurdering av barns beste med fokus på kritisk refleksjon Samling 2: Barnesyn og barns medverknad Samling 3: Omsorgsvurdering og barns utvikling. Barn og familiar i kontekst Samling 4: Kunnskapsgrunnlag og avgjerdsprosessar i barnevernstenesta Samling 5: Styrking av fagleg skjøn i ulike fasar av ei barnevernssak Samling 6: Oppfølging av barn plassert utanfor heimen, ettervern og avslutning av barnevernssaker
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:Studenten...
- har inngåande kunnskap om barnevernets heterogene kunnskapsgrunnlag og tverrfaglege perspektiv.
- har spesialisert innsikt i barnevernsfaglege vurderingar og avgjerder.
- har inngåande kunnskap om det juridiske og tverrfaglege kunnskapsgrunnlaget som inngår i skjønnsutøvinga ved vurdering av barnets beste.
- har avansert kunnskap om ulike barnesyn og forhold som fremjar barns medverknad og medbestemming.
- har spesialisert innsikt i sentral forsking om omsorgsvurderingar og tydinga av ei heilskapleg forståing av barn og foreldre.
- har inngåande kunnskap om barnevernets maktposisjon og strukturar som kan bidra til avmakt.
Ferdigheiter:Studenten...
- kan gjennomføre heilskaplege omsorgsvurderingar ved å analysere og vurdere barnets beste i lys av aktuelle teoriar og metodar.
- kan analysere og halde seg kritisk til ulike kunnskapskjelder og bruke desse for å ta ei avgjerd til barnets beste.
- kan gjere seg nytte av relevante metodar for å styrke, grunngje og dokumentere den faglege skjønnsvurderinga.
- kan samarbeide med barn og foreldre og andre tenester ved innhenting av informasjon og vurdering av tiltak.
- kan på ein sjølvstendig måte bruke kunnskapsbaserte metodar for å fremje barn og foreldres høve til innverknad og styring av eige liv.
Generell kompetanse:Studenten...
- kan analysere etiske problemstillingar knytt til utgreiingar og avgjerder om barns omsorgssituasjon.
- kan nytte avansert kunnskap om barn og unges utvikling og foreldres situasjon i arbeid med komplekse omsorgsvurderingar.
- kan sette seg inn i og reflektere kritisk over vitskapleg kunnskap.
- kan formidle eit sjølvstendig arbeid og meistre uttrykksformar om barns omsorgsituasjon og foreldres omsorgskompetanse.
- kan kommunisere om faglege dilemma, uvisse og tvil i vurderingar av barns omsorgssituasjon.
- har en analytisk medvit og kan utøve kritisk refleksjon og etisk dømmekraft i vurderingar av barnets beste.
Krav til forkunnskapar
Ingen krav til forkunnskaper
Undervisnings- og læringsformer
Undervisningsformene vekslar mellom førelesning og arbeid i lærarstyrte grupper. I gruppearbeida vil studentane reflektere over og drøfte praksisrelevante kasus og eigne erfaringar frå praksis i lys av ulike teoriar og tverrfaglege perspektiv på barnets beste.
Obligatorisk læringsaktivitet
For å framstille seg til eksamen må følgjande obligatoriske læringsaktivitetar vere godkjent:
- møtt fram til 80 % av studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning
- levere inn ei skriftleg oppgåve med eit omfang på 3000 ord i haustsemesteret basert på eigne erfaringar med i ei barnevernssak.
- levere inn ei skriftleg oppgåve i vårsemesteret på 3000 ord basert på eigne erfaringar med fagleg vurdering av barnets beste i barnevernssaker.
Læringsaktivitetane må godkjennast av programansvarleg. Dersom ei skriftleg oppgåve i haustsemesteret ikkje blir godkjent ved første innlevering, har studenten rett til å levere oppgåva på nytt to gongar innan oppgjevne tidsfristar. Dersom oppgåva då ikkje vert godkjent, misser studenten retten til å framstille seg til eksamen. Dersom ei skriftelg oppgåve i vårsemesteret ikkje blir godkjent ved første innlevering har studenten rett til å levere oppgåva på nytt ein gong til innan ein oppgjeven tidsfrist. Dersom oppgåva då ikkje vert godkjent, misser studenten retten til å framstille seg til eksamen. Studenten har rett til å be om grunngjeving dersom oppgåva ikkje vert godkjent, men kan ikkje klage på resultatet.
Godkjende obligatoriske læringsaktivitetar er gyldig 3 semester.
Vurderingsform
Eksamen
Sluttvurderinga er todelt:
- Skriftleg individuell oppgåve som går over 7 dagar. Omfang på 4000 ord +/- 10%. Studenten skriv ei oppgåve knytt til ei problemstilling og fagleg utfordring frå eigen arbeidssituasjon med tema vurdering av barnets beste. Studenten skal på bakgrunn av pensumlitteratur kaste lys over og drøfte vald problemstilling. Karakter blir publisert på StudentWeb 24 timar før justerande munnleg eksamen.
- Justerande munnleg eksamen, 30 min. Eksaminasjonen tek utgangspunkt i heimeoppgåva og kandidaten blir hovudsakleg prøvd i tema som er behandla i det føregåande skriftlege arbeidet. Det vil og bli lagt vekt på studenten si evne til å trekkje vekslar på kunnskap i studiet elles.
Den skriftlege oppgåva må ha karakteren E eller betre for at studenten skal kunne framstille seg til munnleg eksamen. Den munnlege prøva kan justere karakteren på heimeeksamen opp eller ned med maksimalt ein karakter. Ved justerande munnleg kan det berre klagast på formelle feil. Ved klage på karakterfastsetting på heimeeksamenen, må justerande munnleg eksamen gjennomførast på nytt.
Vurderingsuttrykk Karakterskala A-F, der A-E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Dersom den skriftlege delen ikkje er bestått kan studenten levere bearbeidd versjon av skriftleg oppgåve med påfølgjande justerande munnleg eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er lov
Meir om hjelpemiddel