Hopp til innhald

FE408 Berekraftig energiomstilling

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Kurset handlar om berekraftig omstilling av samfunnet frå eit samfunnsmessig perspektiv, og kva som må til for at vi skal få til ei slik omstilling. Kurset ser på berekraftig omstilling med utgangspunkt i ulike utfordringar og brukar case for å illustrere dette.

Læringsutbytte

Emnet skal gje innsikt i dei viktigaste utfordringane vi står overfor med tanke på ei berekraftig omstilling av samfunnet.

Kunnskap

  • Studenten skal ha kunnskap om omgrep som berekraftig utvikling og omstilling.
  • Studenten skal ha kunnskap om korleis omgrepet berekraftig utvikling kan definerast, målast og brukast på globalt, nasjonalt og lokalt nivå.
  • Studenten skal ha kunnskap om FN sine berekraftsmål.
  • Studenten skal kjenne til ulike vilkår for ei berekraftig omstilling av samfunnet.
  • Studenten skal kjenne til kva verkemiddel myndigheitene kan ta i bruk for å støtte omstilling av samfunnet.

Ferdigheter

  • Studenten skal kunne gjere greie for omgrepet berekraftig utvikling.
  • Studenten skal kunne vurdere kravet til omstilling av ulike sektorar i samfunnet.
  • Studenten skal kunne bidra med kunnskap til relevante aktørar om sentrale verkemiddel for å omstille samfunnet på ulike nivå.

Kompetanse

  • Studenten skal ha kompetanse om korleis samfunnet kan omstillast for å nå globale og nasjonale klima- og berekraftsmål, og samanlikne dette med historiske eksempel.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

FE401, FE405, FE406, FE410 og FE411

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gjesteforelesningar, gruppearbeid, ekskursjon og øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på ekskursjon. Studentar som ikkje deltek på ekskursjon vil få eit skriftleg arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell prosjektoppgåve med justerande munnleg eksamen. Prosjektoppgåva må bestå av totalt 5000 ord +/- 10 % ekskludert referanseliste.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Dersom ein student stryk på prosjektoppgåva eller vil forbetre karakteren, må ny prosjektoppgåve leverast.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle ved prosjektoppgåve, ingen ved justerande muntleg.

Meir om hjelpemiddel