GEO851 Skredfarevurdering i bratt terreng
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Kartlegging av skredfare er ei kompleks oppgåve som stiller krav om kunnskap til ulike skredtypar, utløysingsfaktorar, innsikt i modelleringsverktøy og bruk av digitale ressursar. Saman utgjer det kompetanse ein treng for å identifisere, vurdere og kvantifisere årleg sannsyn for skred, og dermed avklare den lokale skredfaren i avgrensa område. Emnet er delt inn i 9 moduler som vil gi studentane innsikt i ulike skredtypar og korleis skredfaren kan kartleggast.
Studentane fordjupar seg i feltkartlegging og modellering i løpet av 2 fysiske samlingar à 3 og 5 dagar. Emnet inneberer å fullføre alle arbeidskrav samt skrive eksamensoppgåve, som vil gi 15 studiepoeng.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten…
- har brei teoretisk innsikt i ulike skredtypar i bratt terreng
- Snøskred og sørpeskred
- Flaumskred og jordskred
- Steinsprang og steinskred
- har kunnskap om relevante meteorologiske og klimatiske faktorar
- Utløysingsfaktorar for ulike skredtypar
- Betydning av være og klima for stabilitet
- Ekstremverdiar for gjentaksintervalla av nedbør
- har kunnskap om effekt av skog for utløysing og rekkevidde av skred (verneskog, skogsforvaltning)
- har kjennskap og teoretisk innsikt i relevante skredmodelleringsverktøy og djupare innsikt i empiriske og fysiske modelleringsverktøy
- har kunnskap om relevant lovverk
Ferdigheiter
Studenten…
- kan finne og tolke relevant informasjon frå forskjellige kjelder
- kan identifisere ulike skredtypar i felt og med bruk av digitale kartressursar
- spor etter tidlegare skredhendingar (losneområder, skredløp, avsetningar)
- potensielle losneområde
- kan analysere vær- og klimadata
- kan vurdere løysesannsyn for skred
- kan anvende utvalde skredmodelleringsverktøy for aktuelle problemstillingar
- kan identifisere faresoner med årleg nominell sannsyn basert på dimensjonerande skredtype/ar
Generell kompetanse
Studenten…
- kan planlegge og utføre en skredfarevurdering i bratt terreng etter TEK17 og den nasjonale rettleiaren for utgreiing av sikkerheit mot skred i bratt terreng.
- kan formidle skredfarekartleggingar og faresonekartleggingar skriftleg i fagleg rapport
Krav til forkunnskapar
For opptak til emnet må du ha:
- Bachelorgrad, eller tilsvarande, innan ingeniørgeologi, naturgeografi, geologi, geoteknikk, hydrologi eller meteorologi.
- To års arbeidserfaring (dokumentert med arbeidsattest)
Tilrådde forkunnskapar
Interesse for skredfaresonekartlegging i bratt terreng etter TEK17
Erfaring med GIS
Undervisnings- og læringsformer
Digital formidling med videoforelesningar og oppfølging i digitale samlingar med øvingar og kollokviegrupper.
2 fysiske samlingar, à 3 dagar og 5 dagar, med feltpraksis, modellering og vurdering av faresoner.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Innlevering av ni av ni digitale quiz
- Deltaking på seks av ni digitale samlingar
- Deltaking på dei to fysiske samlingane
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent innan gitte fristar, før studenten kan ta eksamen.
Vurderingsform
Oppgåve (skredfarerapport). Karakter bestått / ikkje bestått
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidlar tillat
Meir om hjelpemiddel