Hopp til innhald

HSPED802 Fagdidaktisk fordjuping i høgskulepedagogikk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet består av eit sett 20 timars modular der deltakarane vel 5 modular slik dei sjølv vil. Modulane er ei fordjuping i tema som kan knytast til i Innføringsemnet HSPED801. Dei fagdidaktiske modulane vert gjort tilgjengeleg for påmelding undervegs i studieåret.

For dei som skal dokumentere si utdanningsfaglege kompetanse er det tilrådd å velje modulen knytt til skriving av pedagogisk mappe. Der får deltakarane rettleiing på utvikling av ei pedagogisk mappe som er ein del av søknad om opprykk til fyrsteamanuensis og professor.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

• har kunnskap om ulike didaktiske metodar for å planleggje og gjennomføre undervisning på

Ferdigheiter

Studenten

• kan planlegge og gjennomføre FoU-basert undervisning og involvere studentar i FoU-baserte læringsprosessar

• kan velgje, grunngje og vidareutvikle hensiktsmessige læringsaktiviteter og undervisnings- og vurderingsmetoder i forhold til faglege mål og utdanningsprogram

Generell kompetanse

Studenten

• kan bidra til fagleg og pedagogisk nyskaping gjennom utvikling av varierte undervisningsmetodar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

HSPED801 - Innføring i universitetspedagogikk

Undervisnings- og læringsformer

Studentaktive læringsformer som diskusjon, gruppearbeid og kollegarettleiing, førelesing og sjølvstudium, digitale læringsressursar og fysiske og nettbaserte samlingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på modular, totalt 100 timar

Vurderingsform

Oppgåve, 5 modular.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel