ID3-317 Fordjuping fotball 1, Spelar- og ferdigheitsutvikling

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

  • Spelarutvikling
  • Ferdigheitsutvikling
  • Coaching
  • Kampanalyse

Kurset blir gjennomført i nært samarbeid med Norges Fotballforbund, NFF Sogn og Fjordane og Sogndal Fotball

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om praktiske ferdigheiter og korleis ein kan jobbe på feltet
  • har kunnskap om utvikling av ferdigheiter i fotball med særleg vekt på born og unge
  • har kunnskap om toppspelarutvikling
  • har kunnskap om strukturell dimensjon og spel- og kampdimensjonen med fokus på forsvarsspel og angrepsspel (analyse)

Ferdigheiter

Studenten

  • kan prøve ut spelar- og kampanalyse
  • kan utvikle forsvarsspel og angrepsspel, individuelt og relasjonelt

Generell kompetanse

Studenten 

  • kan gjere greie for fotballen sin rolle i samfunnet 
  • kan kvalifisere seg som NFF Grasrottrenar (C-lisens) i NFF sin trenarstige

Krav til forkunnskapar

Årsstudium idrett eller anna relevant utdanning

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gruppe, individuelt arbeid og instruksjon.

Arbeidskrav

  • Minimum 80% oppmøte i undervisninga
  • Praktiske instruksjonsoppgåver
  • Skriftleg arbeidskrav

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell, munnleg eksamen med gradert karakter (A - F). Tid: 30 minutt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ID3-317 (1) - Fotball - Reduksjon: 15 studiepoeng