JURI800 Innføring i forvaltningsrett og juridisk metode
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje ei innføring i forvaltningsrett og gje ei grunnleggjande forståing for juridisk metode.
Studentane skal i løpet av emnet tileigne seg praktisk kunnskap i å finne fram til og bruke aktuelle lovreglar. Dei skal vidare tileigne seg grunnleggjande kunnskap om juridisk metode, samt kunnskap om sentrale prinsipp og hovudreglar i forvaltningslova.
Emnet er på bachelornivå og skal leggje til rette for at dei som arbeider i helse- og velferdssektoren, men har hatt lite jus i si grunnutdanning, får eit fagleg grunnlag til å kunne følgje vidareutdanninga i helse- og velferdsforvaltning. Emnet er og aktuelt for dei som har noko jus kompetanse frå før, men no ønskjer ei oppfrisking av denne før ein byrjar på vidareutdanninga. Det er også mogleg å ta emnet for dei som berre ønskjer ei innføring i forvaltningsrett og juridisk metode, utan noko ønske om å kople seg på vidareutdanninga, men emnet er ikkje særleg tilpassa denne gruppa.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:Studenten skal...
- ha kunnskap om grunnleggande juridisk metode
- ha kunnskap om korleis forvaltningslova er bygd opp
- ha kunnskap om innretning og organisering av det norske forvaltningssystemet
- ha kunnskap om grunnleggjande forvaltningsmessige prinsipp, kva hovudreglar som finst i forvaltningslova og sentrale reglar om rettleiing, habilitet og teieplikt
Ferdigheiter:Studenten skal kunne...
- finne fram til og bruke aktuelle rettskjelder for å løyse juridiske problemstillingar
- identifisere relevante forvaltningsprinsipp og reflektere over desse i eiga rolle som sakshandsamar og i møte med brukaren
Generelle kompetanse:Studenten skal kunne...
- formidle sentralt og relevant juridisk fagstoff skriftleg og munnleg
- kjenne til og reflektere over korleis forvaltningsmessige prinsipp kan bidra til å styrke rettstryggleiken til borgarane i samfunnet
- utveksle synspunkt og/eller erfaringar om juridiske problemstillingar knytt til eigen praksis
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande.
Søkere blir rangert i tråd med § 4-3 i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet. Opptak til studiet skjer på grunnlag av rangering innenfor følgjande fastsette kvoter, jf. §6-1 (3), med følgjande prioritering:
- Bergen kommune
- NAV Vestland
- Bestillernettverket Helse Fonna
- Andre kvalifiserte søkere.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Digitale ressursar i form av m.a. videoførelesingar, digitale samlingar, gruppearbeid, rettleiing, diskusjonar, digital spørjetime kvar veke, sjølvstudium, skrivetrening, medstudentvurdering av skriftleg arbeid.
Studenten har sjølv ansvar for eiga læring og studenten må sjølv engasjere seg for å oppnå læringsutbyttet i emnet. For å få samlingane til å fungere er det ein føresetnad at studenten møter førebudd og deltek aktivt både i gruppearbeid og i diskusjonar i klassen. Spørjetime kvar veke (utanom samlingsvekene) er eit tilbod for studentane til digitale møte med faglærar, for å oppklare eventuelle uklarheiter i sjølvstudium vekene. For å få best mogleg utbytte av undervisninga, er det tilrådd å delta på spørjetimane.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen:
1. Oppmøte og deltaking på samlingar; 75%.
2. Ei skriftleg individuell oppgåve på 1200 ord.
Vurderingsform
Skriftleg heimeeksamen over 2 dagar. Ordgrense 1800 ord +/- 10%.
Vurderingsuttrykk Bestått/ikkje bestått.
Ny eksamen Ved ikkje bestått leverer studenten omarbeida, skriftleg besvarelse til ny eksamen i påfølgjande semester. Det er berre mogleg å levere forbetra versjon ein gong.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate, men det er ikkje lov å samarbeide med andre.
Meir om hjelpemiddel