Hopp til innhald

KUL801 Profesjonsfagleg digital kompetanse i kulturskolen

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Profesjonsfagleg digital kompetanse i kulturskulen (KUL801) gjer ein grunnleggande forståing av digital kompetanse innanfor kulturskulen, kva dei betyr for sektoren og korleis verktøya kan takast i bruk. Studiet legg UDIR sitt rammeverk for PFDK til grunn, men ser særleg til kva betydning digital teknologi har for verksemd i kulturskule og liknande tilbod.

Arbeidsmåtane og verktøya kan inkludere digitalt lydarbeid, digital forteljing, podkast, foto- og video-behandling, animasjon og medieproduksjon.

Emnet tek for seg relevant digital praksis og utvikling av digital kompetanse i kulturskulen, med vekt på leiing av digitalt støtta læringsprosessar kopla til relevante teoretiske perspektiv. Tema er mellom anna grunnleggande digitale ferdigheiter, etikk og digital dømekraft i kulturskulen. Vidare kunnskap om personvern, informasjonstryggleik, opphavsrett, og kjeldekritikk. Studentane vil arbeide med dokumentering i kunstfaglege samanhengar, forstå korleis digital teknologi kan påverka undervisning, kommunikasjon og samhandling i kulturskulen, i ulike møte med samfunnslivet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • forstår korleis rammene for kulturskulen endrar seg i digitale omgivnader
  • forstår samanhengar mellom pedagogisk kunnskap, kunnskap om fagleg innhald og kunnskap om teknologi (TPACK)
  • forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
  • kjenner lover, reglar og retningslinjer om universell utforming, opphavsrett og behandling av elevar, føresette og kollegaer sine personopplysningar
  • kjenner til relevante styringsdokument for kulturskulen og PfDK, og ser samanheng mellom kulturskulen og PfDK-rammeverket

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utnytte digital teknologi for å legge til rette for læringsprosessar i eit inkluderande digitalt læringsmiljø
  • kan vurdere individuelle læringsbehov og utnytte dei moglegheitene som digital teknologi gir for tilpassa opplæring i kunst og kulturfaga
  • kan rettleie elever i deira aktive deltaking i digitale læringsmiljø, og bidra til at dei utviklar eit reflektert forhold til digitale arenaer
  • kan kritisk vurdere, organisere og dele faglege kunnskapar og metodar gjennom personlege læringsnettverk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan anvende og vidareutvikle eigne digitale ferdigheiter i pedagogiske samanhengar
  • kan leie og organisere kulturskuleundervisning i digitale omgivnader, som blir karakterisert av parallelle læringsforløp og læringsaktivitetar
  • kan bidra til utvikling av elevane sine ferdigheiter i kommunikasjon og fagleg samhandling på nett
  • kan kritisk evaluere digital teknologi på grunnlag av profesjonsfaglege og etiske omsyn

kan utvikle og administrere sin eigen digitale, faglege identitet, er bevisst eiga åtferd på digitale arenaer og dei konsekvensane hen har for eigen profesjonelle identitet

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Kulturskulelærar eller anna erfaring med arbeid i kunst- og kultursektoren

Undervisnings- og læringsformer

Profesjonsfagleg digital kompetanse i kulturskulen 1 er eit heildigitalt emne. Emnet stiller krav til sjølvstendig arbeid, kunnskapsutvikling og samtidig samarbeid med andre studentar. Det vert lagt vekt på læringsformer som rettleiing, diskusjonar, øvingsoppgåver, presentasjonar og kvarandrevurdering.

  • Synkront og asynkront på nettWebinar/nettforelesingar
  • Praktisk workshop
  • Utvikling og deling av eigne faglege vurderingar
  • Skriftlege oppgåver
  • Refleksjonsoppgåver, diskusjonsforum og kvarandrevurdering
  • Munnleg presentasjon

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal gjennomføre eit eige vurderingsarbeid. Vurderingsarbeidet skal være forankra i problemstillingar som ein finn relevante for kulturskulen eller liknande tilbod, der tema er knytt til emnet sitt læringsutbytte.

  1. 80 % obligatorisk frammøte
  2. Minst to utprøvingar knytt til digital teknologi
  3. Gjennomføring av eige vurderingsarbeid knytt til digital teknologi i kulturskulen med tilhøyrande refleksjonsnotat
  4. Munnleg presentasjon
  5. Respons til medstudentar

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent til fastsette fristar for at studenten skal få gå opp til eksamen, og seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Vurderingsform

Munnleg presentasjon av analyse og eige vurderingsarbeid knytt til PfDK, med påfølgande munnleg eksaminasjon.

Omfang: Inntil 30 minutt.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel