Hopp til innhald

KUL802 Profesjonsfagleg digital kompetanse i eigen kulturskulepraksis

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Profesjonsfagleg digital kompetanse i eigen kulturskulepraksis (KUL802) legg opp til utforskande og praktisk bruk av digitale verktøy innanfor kulturskulen knytt til studenten sin eigen faglege praksis. Studiet legg Utdanningsdirektoratet sitt rammeverk for PFDK til grunn, men ser særleg til bruksområde som er relevante for undervisning innan kulturskule og liknande tilbod. Studietilbodet legg stor vekt på praktisk og didaktisk bruk av ulike typar digital teknologi i pedagogisk arbeid i studentane sin eigen fagleg praksis, pågåande prosjekt, såvel som i uformelle læringssituasjonar.

Arbeidsmåtane og verktøya kan inkludere digital notasjon, digitalt lydarbeid, digital forteljing, podkast, digitale instrument, telematisk samarbeid / samspel, koding, foto- og video-behandling, animasjon, dataspel og medieproduksjon.

Emnet tek opp kulturfagdidaktiske perspektiv knytt til digital praksis og utvikling av digital kompetanse med relevans for kulturskulens praksisar. Dette inkluderer evne til å vurdere og ta i bruk digitale verktøy for å formidle og utvide eigen faglege praksis. Dette inneber òg erfaring med å utvikle og legge til rette for pedagogiske leik- og læringsaktiviteter som inkluderer digitale verktøy. Videre inkluderer det evne til å vurdere og ta i bruk digitale, nettbaserte verktøy for å arbeide med dokumentering og vurdering i kulturfaglege samanhengar særleg knytt til eigen fagleg praksis.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar
Studenten

  • forstår korleis læreprosessar i kunst og kulturfaga endrar seg med digital teknologi
  • kjenner eit breitt repertoar av arbeidsmetodar i digitale læringsomgivnader, særleg knytt til eigen praksis
  • forstår korleis den digitale utviklinga skaper behov for kritisk vurdering, organisering og auka moglegheit for tilgang til og deling av fagleg kunnskap
  • forstår korleis digital teknologi kan takast i bruk i eigen fagleg praksis. For eksempel bruk av kunstig intelligens (KI), sosial mediekultur, virtuell (VR) og utvida verkelegheit (AR).

Ferdigheiter
Studenten

  • kan finne, vurdere og integrere digitale læringsressursar ut frå pedagogiske og fagdidaktiske kriterium
  • kan anvende eigen fagkunnskap for å utvikle digitale læringsressursar
  • kan lage fagleg forankra læringsforløp, med sikte på å legge til rette for kreative og sosiale læringsprosessar
  • kan vurdere individuelle læringsbehov og utnytte dei moglegheitene som digital teknologi gir for tilpassa opplæring i kunst og kulturfaga generelt og knytt spesielt til eigen fagleg praksis


Generell kompetanse

Studenten

  • kan anvende og vidareutvikle eigne digitale ferdigheiter i fagdidaktiske samanhengar
  • kan utvikle og vedlikehalde sitt eige personlege læringsnettverk knytt til eigen praksis
  • kan kritisk evaluere digital teknologi for bruk i eiga undervisning på grunnlag av profesjonsfaglege omsyn
  • kjenner og kan relatere eiga undervisning til relevante styringsdokument og lokalt læreplanarbeid
  • kan bidra til utvikling av elevane sine ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling på net

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Tilrådde forkunnskapar

KUL801

Kulturskulelærar eller anna erfaring med arbeid i kunst- og kultursektoren

Undervisnings- og læringsformer

Profesjonsfagleg digital kompetanse i kulturskolen er eit heildigitalt emne. Emnet stiller krav til sjølvstendig arbeid, kunnskapsutvikling og samtidig samarbeid med andre studentar. Det vert lagt vekt på læringsformer som rettleiing, diskusjonar, øvingsoppgåver, presentasjonar og kvarandrevurdering.

  • Synkront og asynkront på nettWebinar/nettforelesingar
  • Praktiske workshop
  • Utvikling og deling av undervisningsopplegg
  • Skriftlege oppgåverRefleksjonsoppgåver, diskusjonsforum og kvarandrevurdering
  • Munnleg presentasjon

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal gjennomføre eit eige utviklingsarbeid. Dette skal innehalde fleire praktiske utprøvingar, der læringsaktivitetane er knytt til emnet sitt læringsutbytte.

  1. Prosjektplan, som blir revidert gjennom semesteret
  2. Presentere og gi respons til medstudentar sin prosjektplan
  3. Minst to utprøvingar av digital teknologi med relevans for prosjektet
  4. Gjennomføring av planlagte aktivitetar ved hjelp av digitale strategiar, knytt til eigen praksis
  5. Visning knytt til utprøvingar og opplegg

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent til fastsette fristar for å få gå opp til eksamen, seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Vurderingsform

Munnleg eksaminasjon på nett med utval frå obligatoriske læringsaktivitetar.

Omfang: Inntil 30 minutt.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel