LPT802 Laptop som instrument
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet er eit tilbod frå hausten 2025.
Emnet skal gi studenten dugleikar i å nytte Ableton Live i musikalsk framføring. Sentralt i emnet er forståinga av korleis ein laptop kan verte nytta som eit fleksibelt instrument på sine eigne premissar. I emnet jobbar studenten med å interagere med Ableton Live med hjelp av tastatur, klaviatur, launchpad eller andre kontrollar. Laptopen vert utforska som instrument i soloframføring og som instrument i samspelkontekstar. Til kvar leksjon skal studenten levere korte filmopptak av seg sjølv i musikalsk framføring, spelt inn td. med mobil i eigen heim, øvingsrom eller liknande. Gjennom semesteret vil undervisninga vektlegge teknisk innsikt i Ableton sine mange funksjonar, samstundes som denne kunnskapen vert brukt i ei musikalsk innramming kor teknologi i musikalsk framføring er det sentrale. Gjennom kurset vil studenten skape 5-6 originale komposisjonar.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om loopbasert musikk i eit historisk og notidig perspektiv i ulike sjangrar og kulturelle kontekstar
- har kunnskapar om musikkpraksisar som turntablism og controllerism
- kan kople ulike kontrollarar med Ableton Live på ein måte som mogeleggjer styring av musikalsk forlaup, effektar og prosessorar i framføring
- kan utforme sitt personlege oppsett av kontrolleiningar som er teneleg for den musikken ein ynskjer å framføre
- kan nytte Ableton Live i samspel med andre
Ferdigheiter
Studenten
- kan vurdere og gjere seg nytte av dei ibuande funksjonane i sin DAW til å trigge musikalske hendingar under framføring
- kan komponere og realisere musikk som er spesielt tilrettelagt for framføring og sanntidsmanipulering- og interaksjon
- kan interagere med musikkteknologi og utnytte dette kommunikativt/ performativt under framføring i soloformat og i samspel med andre
- kan på ein medviten måte jobbe med musikkteknologi i musikkformidling.
Generell kompetanse
Studenten
- er orientert om framføringspraksisar som har vakse fram som resultat av at laptopen vert inkludert i live-settingar i ulike sjangrar
- er medviten om måtar Ableton Live kan nyttast som ressurs til avvikling av konsertar
- har opparbeidd kunnskap og kompetanse til å kunne tilby elevar laptop som instrument i kulturskule, vidaregåande skule eller folkehøgskule.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studenten må ha eigen laptop med Ableton Live versjon 11 eller 12. Lydkort, mikrofon og headset, samt keyboard eller ein annan kontrollar, td Launchpad.
Undervisnings- og læringsformer
Individuelt sjølvstudium basert på faginnhald publisert som tekst og video, praktisk arbeid på eigen laptop, deltaking i diskusjonsforum, gruppearbeid, 1 time felles undervisning per veke i zoom/teams
Gjennom semesteret skal studenten levere 12 oppgåver i form av klingande musikalske resultat som lydfil i mp3-format og/eller mobilt videoopptak, refleksjonstekst samt skjermbilete som dokumenterer arbeidsprosessen på eiga maskin. I refleksjonstekstane vert det vektlagt at studenten diskuterer eigne musikalske val, grunngjeving av desse, samt refleksjon kring eigen læringsprosess.
Studenten skal delta aktivt i studiet sitt eige diskusjonsforum ved å poste/svare på spørsmål og å kommentere medstudentar sine arbeid på ein konstruktiv måte.
Obligatorisk læringsaktivitet
- 12 lyd-/videofiler
- Eit refleksjonsnotat (1000 ord)
- Arbeidsprosessdokument
- Deltaking i diskusjonsforum
- Gruppearbeid
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være godkjent for å få gå opp til eksamen. Aktivitetane er gyldige i tre semester etter godkjenning.
Vurderingsform
Mappevurdering.
Vurderingsmappa består av:
- 3 sjølvvalde innleveringar valt blant dei 8 fyrste
- den siste innleveringa - prosjektoppgåva - som er av større omfang, levert som lyd-/ og eller videofiler.
- refleksjonsnotat, omfang 1000 ord +-10%
Arbeida kan vere revidert etter tilbakemeldinga gjeve ved levering i læringsmappa. Dei tre delane vert vekta med ein tredjedel kvar.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Ved ikkje bestått vurderingsmappe, skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel