Hopp til innhald

LUL301 Leik,utforsking og overgangen barnehage-skule

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Denne fordjupinga har vekt på pedagogisk leiing av fagområda: "Språk, kommunikasjon og tekst" og "Mengd, rom og form" gjennom leik, utforsking og overgangen barnehage-skule. Målet er å utvikle studentane til ressurspersonar som kan leie og kvalitetssikre barnehagens arbeid knytt til desse fagområda.

Fordjupinga skal styrke studentane si profesjonsfaglege utvikling. Praksis inngår som ein integrert del av emnet.

Emneplanen bygger på gjeldande Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning. Kunnskapsbasen byggjer på faga norsk, matematikk og pedagogikk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har god kunnskap om språk og språkarbeid knytt til høgtlesing, tidleg skriving og variert tekstpraksis, matematisk utforsking, dialog og leik, også i fleirspråklege perspektiv
  • har kunnskap om profesjonstenking som kvalifisering, sosialisering og subjektivering for å møte barnehagelærerprofesjonen sine politiske og ideologiske utfordringar
  • har kunnskap om matematikk som eit kreativt og estetisk fag både innomhus og utandørs
  • har kunnskap om korleis barndom blir tematisert i eit utval samtidslitteratur for vaksne
  • har kunnskap om born si danning av identitet, og kjønnsperspektiv i ljos av fagområda
  • har kunnskap om og innsikt i pedagogisk prosjektarbeid saman med born
  • har god kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for born, moderne tekst- og mediekulturar og sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar, inkludert samiske og fleirkulturelle perspektiv
  • har profesjonsfagleg digital kompetanse
  • har god kunnskap om overgangen barnehage-skule

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kartleggje og organisere eit inkluderande og stimulerande læringsmiljø for matematisk utvikling og litterasitet
  • kan vurdere bruk av kartleggingsverktøy og pedagogiske program samt materiell ut frå eit profesjonelt og kritisk perspektiv
  • kan leie pedagogisk prosjektarbeid for å utvikle born si matematiske, litterære og språklege kompetanse
  • kan bruke og vurdere digitale verktøy for å bidra til born og personale si læring
  • kan formidle og vurdere, eit breitt utval tekster for born
  • kan tilretteleggje for god overgang mellom barnehage-skule med vekt på barnehagen sin eigenart

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk vurdere eiga leiarrolle og fagleg didaktisk arbeid
  • kan fungere som ein ressursperson som bidrar til å heve den faglege kvaliteten i barnehagen sitt språk-, matematikk- og litteraturmiljø
  • meistrar kommunikasjon med born, føresette, personale og eksterne samarbeidspartar
  • har ei sjølvstendig, kritisk og reflektert forståing av barnehagelærarprofesjonen si særstilling og utfordring i samfunnet i dag

Krav til forkunnskapar

STM101/102 må vere greidd før studentar kan begynne på fordjupinga.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksle mellom lærarstyrt klasseromundervisning og varierte studentaktive læringsformer og praksis. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis. Studentane må rekna at deler av undervisninga er obligatorisk. Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekna som ikkje godkjent.

Det kan bli lagt inn ein ekskursjon i nærområdet. Studentane vil til dømes besøke barnehagar, skular og sentrale kulturinstitusjonar. Studentane må dekke reisekostnader her. Det blir utarbeidd eit studierelevant program for ekskursjonen.

Det er mogleg å søkje om kompensatorisk arbeidskrav.

Dersom undervisninga blir digital skal studentane vere synlege i det digitale rommet.

PRAKSIS

Praksis gjennomføres etter egne læringsutbytter som står oppført i studieplanen. Informasjonen om praksis (BBLPR301) ligger i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsiden for praksis i barnehagelærerutdanningen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytte til emnet sine læringsutbytte.

Emnet har fem obligatoriske læringsaktivitetar.

  1. Retorikkverksted: Med utgangspunkt i tema frå fordjupinga, skal studentane planleggje, gjennomføre og vurdere ein individuell munnleg presentasjon innanfor verkstadpedagogikken sine arbeidsmåtar.  
  2. Ein skriftleg læringsaktivitet i gruppe. Prosjektarbeidet skal planleggast og gjennomførast i praksis. 
  3. Ein individuell skriftleg læringsaktivitet knytt til litteratur og/ eller språkutvikling.  
  4. Ein digital læringsaktivitet i gruppe knytt til matematikk.
  5. Godkjent obligatorisk deltaking.

Læringsaktivitet 1 er knyttet til læringsutbytte: «Studenten har ei sjølvstendig, kritisk og reflektert forståing av barnehagelærarprofesjonen si særstilling og utfordring i samfunnet i dag»

Læringsaktivitet 2 er knyttet til læringsutbytte: «Studenten kan leie pedagogisk prosjektarbeid for å utvikle born si matematiske, litterære og språklege kompetanse» og «Studentene kan fungere som ein ressursperson som bidrar til å heve den faglege kvaliteten i barnehagen sitt språk-, matematikk- og litteraturmiljø»

Læringsaktivitet 3 er knyttet til læringsutbytte: «har god kunnskap om språk og språkarbeid knytt til høgtlesing, tidleg skriving og variert tekstpraksis, matematisk utforsking, dialog og leik, også i fleirspråklege perspektiv» eller «god kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for barn, moderne tekst- og mediekulturer og sjangre fra muntlige fortellertradisjoner, inkludert samiske og flerkulturelle perspektiv» og «har kunnskap om korleis barndom blir tematisert i eit utval samtidslitteratur for vaksne»

Læringsaktivitet 4 er knyttet til læringsutbytte: «Studenten har profesjonsfagleg digital kompetanse» og «kan bruke og vurdere digitale verktøy for å bidra til born og personale si læring»

Læringsaktivitet 5 Aktiv deltagelse i 80 % av undervisningen er knyttet til læringsutbyttene «kan kritisk vurdere eiga leiarrolle og fagleg didaktisk arbeid»

Obligatoriske læringsaktivitetar blir vurdert som godkjent / ikkje godkjent. Dei må være levert / gjennomført til fastsett innleveringsfrist for at det skal bli vurdert. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjent, får studenten ein (1) moglegheit til ny innlevering / gjennomføring innanfor ordinært studieforløp i emnet. Nytt forsøk må være avvikla seinast 2 veker før eksamen startar.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen.

Studenten presenterer prosjektarbeidet, med påfølgande fagleg samtale. Munnleg eksamen varar inntil 30 min.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Studenten kan ta med det som trengs til presentasjon av prosjektarbeidet.

Meir om hjelpemiddel