MGBBNM501 Begynnaropplæring i norsk og matematikk 1- Dei mangfaldige elevane. Leikande og utforskande læring i norsk og matematikk
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet vert ikkje tilbydd studieåret 2024/2025.
Emnet er eitt av fire masteremne og er plassert i 4. studieår, 1. semester. Emnet skal gje studenten ferdigheiter til å bruke denne kunnskapen for å utvikle både eiga og skolens undervisning i faget. Begynnaropplæringa i norsk og matematikk skal gje kunnskap til å byggje bru mellom ulike diskursar knytt til barns kunnskapar/erfaringar frå heim, barnehage og skole. Ein legg særleg vekt på å utvikle studenten sin evne til å sette seg inn i ulike elevar sine kunnskapar og ferdigheiter, og i deira kulturelle og språklege bakgrunn, for å kunne gje tilpassa begynnaropplæring til alle elevar. I dette emnet får studenten også innblikk i spesialpedagogiske problemstillingar knytt til begynnaropplæringa.
Det vert lagt vekt på avanserte kunnskapar om overgangen frå å vere barnehagebarn til å bli skoleelev, og korleis ein kan ta vare på det barna har med seg inn i skolen og byggje bru til skolens meir formelle læringsmiljø.
I dette emnet legg ein og vekt på møte med elevane der ein tar omsyn til, og ser elevar sine ulike faglege, sosiale og kulturelle miljø, som ein ressurs i begynnaropplæringa. Dette dannar, saman med kartlegging, ein bakgrunn for tilpassa opplæring.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har forskingsbasert kunnskap om overgangen barnehage skole med vekt på leik og læring
- har inngåande kunnskap om fagleg progresjon frå barnehage til skole og i begynnaropplæringa
- har forskingsbasert kunnskap om barnet som aktør i læringsprosessar, i og utanfor skolen
- har avansert, forskingsbasert kunnskap om begynnaropplæring i norsk og matematikk, med
- særleg vekt på utvikling av literacy og barns munnlege språkutvikling
- har avansert kunnskap om forsking på og tilrettelegging av begynnaropplæringa for fleirspråklege elevar
- har inngåande kunnskap om språk- og matematikkvanskar, og forskingsbasert kunnskap om tilrettelegging av begynnaropplæringa for elevar med særskilte behov
- har inngåande kunnskap om vurdering og kartlegging med relevans for begynnaropplæringa i norsk og matematikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere og halde seg kritisk til nasjonal og internasjonal forsking om begynnaropplæring og nytte denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
- kan planlegge begynnaropplæring i norsk og matematikk som fremjar utvikling av literacy og gir språkleg utvikling for alle elevar
- kan analysere faglege problemstillingar, verdigrunnlag og historie knytt til begynnaropplæring i norsk og matematikk, norsk som andrespråk og spesialpedagogisk opplæring
- kan analysere, vurdere og bruke ulike kartleggings- og vurderingsverktøy med forankring i relevant teori, forsking og profesjonsetiske perspektiv
- kan analysere og vurdere korleis eit kulturelt, sosialt og språkleg mangfald spelar inn på overgangen frå barnehage til skole og i begynnaropplæringa
- kan legge til rette for elevars lærelyst og utforskartrang i eit inkluderande læringsmiljø
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere leikprega og elevaktive læringsformer som støtter elevanes læreprosesser og fremjar lærelyst
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere og kritisk vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar knytt til undervisning, kartlegging og vurdering i ei mangfaldig elevgruppe
- kan bidra til utviklingsarbeid som fremmer fagleg og pedagogisk nytenking i skolen omkring begynnaropplæring i eit mangfaldsperspektiv
- kan på eit avansert nivå planlegge, evaluere og revidere undervisningsopplegg med grunnlag i kunnskap om god og forskingsbasert begynnaropplæring i norsk og matematikk for alle elevar
Krav til forkunnskapar
60 studiepoeng norsk eller 60 studiepoeng matematikk
Tilrådde forkunnskapar
Bestått praksis og bestått FoU-oppgåve.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsmåtane i faget vil vere både felles nettbasert undervisning og undervisning på lokal campus. Det vil vere førelesningar, fagseminar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteratur og ei aktiv tilnærming til problemstillingane studentane vert presenterte for. Ein forventar at studentane organiserer kollokviegrupper. Studiet er eit fellestilbod for studentar ved campus Bergen, Sogndal og Stord.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane skal dokumentere følgjande i ei læringsmappe:
- Individuell skriftleg læringsaktivitet med utgangspunkt i eit litteraturstudium om begynneropplæring til dømes overgang barnehage - skole, leik eller samtaler, knytt til relevant forsking i norsk- og matematikkdidaktikk. Obligatorisk rettleiing.
- Ein posterpresentasjon i gruppe innan eit tildelt norsk- eller matematikkdidaktisk emne og fagleg respons til medstudentars posterpresentasjon (obligatorisk deltaking).
- Obligatorisk deltaking på seminar. Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatoriske. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte og deltaking i læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.
Presisering av obligatoriske læringsaktivitetar og formelle krav blir delt ut i første del av semesteret.
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar som ikkje består ein obligatorisk arbeidslæringsaktivitet får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen, der omtrent halve tida er knytt til det skriftlege arbeidskravet. Inntil 30 min.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel