MGBMA302 Matematikk 2, emne 1 - Perspektiv på matematikkfaget
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet MGBMA302 (GLU 1-7) vert samkøyrd med emnet MGUMAT302 (GLU 5-10).
I Matematikk 2 fordjupar studentane seg i nokre av dei matematikkdidaktiske og matematikkfaglige tema fra Matematikk 1. Fokus er her meir konsentrert og forskingsrettet enn i Matematikk 1.
Matematikk 2 er delt opp i følgande emne:
- Emne 1: Perspektiv på matematikkfaget (15 studiepoeng)
- Emne 2: Problemløysing og handlingskompetanse i matematikk (15 studiepoeng)
Denne planen omtalar emne 1.
Til saman dekker emne 1 og 2 læringsutbytte for Matematikk 2 skildra i dei Nasjonale retningslinjene for Grunnskulelærarutdanninga 1-7.
Emne 1 har fokus på tre sentrale perspektiv knytta til matematikkfaget.
- Matematikk som allmenndannande fag og matematikk i samspel med andre fag, naturfag, filosofi og samfunnsutvikling.
- Matematikkfagets betydning for utvikling av elevars kritiske demokratiske kompetanse.
- Tilpassa opplæring.
Matematikkfaglege tema i emne 1 er statistikk, funksjonslære og modellering. Gjennom arbeidet med emnet skal studenten få innsikt i sentrale omgrep innanfor desse temaa. I emnet skal studentane studera matematiske modellar si rolle og bruk i eit fagleg prosess- og danningsrelatert perspektiv. Didaktiske ferdigheiter i å vurdera læring og i å leggja til rette for tilpassa opplæring for alle elevar vil vektleggjast.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om funksjonslære, statistikk og matematiske modellar med særleg vekt på progresjon i desse emna gjennom grunnskulen
- har inngåande kunnskap om interaksjonsmønster, kommunikasjon og språket si rolle for læring av matematikk
- har kunnskap om matematikkdidaktisk forskning med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevar si læring i faget
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke digitale verktøy til illustrasjon, simuleringar og berekningar knytta til matematiske modellar
- kan gjennomføre enkle kvantitative undersøkingar
- kan formidle spesialkunnskap innen et utvalgt matematikkdidaktisk og/eller matematikkfaglig emne
- kan vurdere elevars læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
- kan tilpassa opplæringa i matematikk ut frå elevane sine behov og gjeldande læreplan
- kan kommunisera med elevar, lytta til, vurdera, gjera bruk av elevar sine innspel og stimulera elevar si matematiske tenkning i arbeid med statistikk, funksjonslære og modellering
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for matematikk som allmenndannande fag og matematikkfagets betydning i samspel med andre fag, kultur, filosofi og samfunnsutvikling
- har forståing for matematikkfagets betydning i utvikling av kritisk demokratisk kompetanse
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Matematikk 1
Undervisnings- og læringsformer
Detaljar i samband med organisering av undervisning i emnet vil kome fram i semesterplanen som blir utdelt ved emnets start.
Gjennom studiet skal studentane få erfaring med arbeidsformer som er relevante i grunnskulen og som skal gi grunnlag for diskusjonar om skulens arbeidsformer.
Det blir brukt forelesningar, diskusjonar, presentasjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid.
Deler av pensum er sjølvstudium og det er anbefalt at lærestoffet vert bearbeida i kollokviegrupper. Rettleiing inngår som ein naturleg del i dei fleste aktivitetane.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre obligatoriske læringsaktivitetar:
- 2 læringsaktivitetar knytta til emnets matematikkfaglege og didaktiske tema.
- 1 læringsaktivitet knytta til praksis. Det skal leverast ein skriftleg rapport.
Ytterlegare presiseringar knytta til om læringsaktivitetane er individuelle eller i gruppe, og om dei er skriftlege eller munnlege går fram av semesterplanen.
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skuleeksamen, 5 timar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator.
Meir om hjelpemiddel