Hopp til innhald

MGBMU141 Musikk 1, emne 1 - Grunnleggjande musikklærarkompetanse

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

MGBMU141 Musikk 1, emne 1 - er ein del av Musikk 1, for GLU 1.-7. trinn

Emnet vert undervist som fag 4 i femte semester.

I emnet vert det lagt vekt på utøvande verksemd, skaping og formidling, der dei ulike delane av musikkfaget i grunnskulen vert integrerte. Det vil difor vere relevant å arbeide med ulike aktivitetar knytt opp mot kjerneelementa i fagfornyinga (2020), som inneber å utøve, lage, og oppleve musikk, og å arbeide med kulturforståing. Gjennom emnet skal studentane utvikle sine musikalske og fagdidaktiske ferdigheiter, opparbeide seg eit relevant repertoar for grunnskulen, og få eit reflektert medvit om sentrale problemstillingar som kan relaterast til musikkundervisninga i grunnskulen.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført dette emnet skal ha følgjande læringsutbytte, definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om musikalsk barnekultur og barn si musikalske utvikling
  • har kunnskapar om musikklæraren som leiar og tilretteleggjar for musikkopplæring, og om lokale og nasjonale læreplanar i faget
  • har kunnskap om ulike omgrep og ulik fagterminologi som bidrar til å forstå, analysere og notere musikk til bruk i begynnaropplæringa
  • har kunnskap om elevane si aktive deltaking med stemme, kropp og instrument i samspel, framføring og leik, og i ulike musikalske uttrykk og sjangrar
  • har grunnleggjande kunnskap om utvalde vitenskapsteoretiske problemstillingar og metodar knytt til musikkpedagogisk verksemd

Ferdigheiter

Studenten

  • kan synge og bruke stemma på varierte måtar, kan akkompagnere skulesong, og kan uttrykke seg musikalsk på ulike instrument og spele saman med andre
  • har grunnleggjande ferdigheiter og kompetansar i skulefaget musikk, og kan relatere dette til grunnskulens praktiske kvardag
  • kan leie klassesong, og rettleie yngre elevar i deira prosessar med å utøve, lage, og oppleve musikk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over samanhengar mellom mål, innhald, metodar og vurderingsformer i skulefaget musikk
  • har innsikt i musikken si rolle som demokratisk ressurs, identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skulekvardagen og i samfunn prega av mangfald
  • kan stimulere elevane si evne og vilje til å utforske, skape, oppleve, uttrykke og reflektere
  • kjenner til grunnleggjande fagdidaktiske problemstillingar i musikkpedagogisk verksemd med utgangspunkt i relevant nasjonal og internasjonal forsking på fagfeltet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein fordel å ha grunnleggjande ferdigheiter i song og/eller spel på akustiske, elektriske og/eller digitale instrument.

Undervisnings- og læringsformer

Praktisk musikalsk og metodisk aktivitet i heil klasse og i mindre grupper, førelesingar og litteraturstudiar - i analoge og digitale format. Studentaktive læringsformer vert vektlagt, og det vert sett krav til at studentane kan arbeide sjølvstendig gjennom øving og eigeninnsats.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar er naudsynt for at studenten skal kunne førebu eller kvalifisere seg til eksamen. Innhaldet i læringsaktivitetane er forankra i emnet sitt læringsutbytte, og læringsaktivitetane krev aktiv deltaking frå studenten i læringsprosessen.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjente før ein kan gå opp til eksamen. Ved ikkje godkjent på ein av læringsaktivitetane, kan ein med faglærar avtale tidspunkt for ny gjennomføring same semester. Dersom ein då ikkje oppfyller krava, kan den aktuelle læringsaktiviteten gjennomførast på nytt neste gong emnet blir gjennomført.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane vert vurderte som godkjent/ikkje godkjent.

Obligatoriske læringsaktivitetar i dette emnet:

  • Ei musikalsk framføring - kor studenten viser at hen kan synge og bruke stemma på varierte måtar, kan akkompagnere skulesong, og kan uttrykke seg musikalsk åleine og saman med andre
  • Ei individuell skriftleg oppgåve som omhandlar grunnleggjande fagdidaktiske problemstillingar i musikkpedagogisk verksemd med utgangspunkt i relevant nasjonal og internasjonal forsking på fagfeltet
  • Obligatoriske læringsaktivitetar i undervisning. Det er obligatorisk deltaking i seminar, ulike formar for ferdigheitstrening og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%. Retningslinjer vert gjennomgått ved semesterstart.

Retningslinjer for obligatoriske læringsaktivitetar vert publisert i læringsplattform.

Vurderingsform

Praktisk eksamen med fokus på eigne utøvande ferdigheiter. Individuell vurdering. Utfyllande informasjon om eksamensforma vert gjeve via emnet si digitale læringsplattform.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel