MGBSA501 Samfunnsfag 3, emne 1 - Samfunnsfagleg forsking og litteratur
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet er eit obligatorisk emne i mastergradsstudiet i samfunnsfagdidaktikk, og går første semester i studiet. Emnet gir studenten høve til å orientere seg breitt i eit forskingsfelt som grunnlag for å rette seg inn mot eit spesifikt tema for masterprosjektet.
Emnet gir studentane høve til å orientere seg mot eit fagleg og/eller didaktisk tema som kan vere relevant for mastergradsoppgåva deira. Det vil dessutan bli fokusert på sentrale vitskapsteoretiske tema og kva som kjenneteiknar samfunnsfaga som vitskaplege disiplinar. Vidare takast det opp korleis ein effektivt kan finne fram til forskingslitteratur via bibliotek og databasar.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:
Kunnskapar
Studenten
- har, i tilknyting til arbeid med FoU-oppgåva, djupnekunnskap om utvalde teoriar, metodar og fagdidaktikk knytt til eit sentralt tema i undervisningsfaget samfunnsfag.
- har djupnekunnskap om utvalde døme på konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
- har kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping, makt og marknad
Ferdigheiter
Studenten
- kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
- kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder, og bruke dette i eige FoU-arbeid og til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse
- kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet for barne- og mellomtrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
- kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
- kan legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
- kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
- kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
- kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvere lokalt samfunnsliv i opplæringa.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGBSA101, MGBSA201, MGBSA301, MGBSA401
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga skjer som ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium og diskusjon av tekstar og gruppearbeid og framlegg i seminar. Studentane skriv ei oppgåve som gjer greie for forsking og teoretiske perspektiv i temaet dei har valt å skrive masteroppgåve om. Utkast til denne oppgåva skal leggjast fram til diskusjon i seminar. I tillegg til seminararbeid har studentane høve til individuell rettleiing. Desse arbeidsformene skal øve studenten sin evne til litteratursøk og kritisk vurdering av tekstar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Munnleg gruppepresentasjon om tema knytt til grunnlagsproblematikk/forskingstradisjonar innafor samfunnsfag og historie (Basert på eksempeltekstar)
- Innlevering av kort skisse med tema og forslag til litteratur for 501-oppgåva
- Deltaking i seminar: Studentane skal legge fram skriftleg utkast til oppgåva, og vere opponent på innlegget til ein medstudent
- Ei skriftleg oppgåve i vitskapsteori
- Deltaking på opplegg i metode og forskingsetikk (gjeld berre studentar med masterfag i profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk)
Utfyllande retningsliner for dei obligatoriske læringsaktivitetane vil bli delt ut ved semesterstart. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være fullført og godkjent innen gitte fristar for at studentane skal kunne ta eksamen.
Vurderingsform
Oppgåve. Studentane skal skrive ei individuell oppgåve på 4000 ord, som viser at studenten har kunnskapar om eit forskingsfelt, kan formulere eigne problemstillingar og relatere desse til relevante vitskapsteoretiske spørsmål, avhengig av prosjektets eigenart. Studenten skal også vise evne til akademisk framstilling.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel