MGUKØ503 Kroppsøving 3, emne 3 - Teori og forsking i kroppsøving og profesjonsutvikling
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet inneber at studenten utviklar seg som sjølvstendig profesjonsutøvar og bidragsytar til kroppsøvingsfagleg forsking og utvikling.
Emnet kan settast saman på ulike måtar ut frå tema og problemstillingar som utfordrar studenten til å stille spørsmål ved eige kunnskapsgrunnlag og som engasjerer studenten til sjølvstendig kunnskapsarbeid relevant for profesjonell yrkesutøving i kroppsøving. Sentralt i emnet er at studenten utviklar forståing for kunnskap i eit profesjonsteoretisk perspektiv. I tillegg skal studenten fordjupe seg i ein sjølvvald kroppsøvingsfagleg tematikk og skrive prosjektskisse for komande masterprosjekt i kroppsøving.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngående forståing om sjølvvald kroppsøvingsfagleg tema og problemstilling
- har innsikt i utviklinga av si rolle som profesjonell yrkesutøvar
- har inngåande kunnskap om lærarprofesjon i forhold til sjølvvald tema og problemstilling
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysera kroppsøvingsfaglege problemstillingar basert på kunnskap om kroppsøvingsfaget sin eigenart, verdigrunnlag, historie og gjeldande læreplanar
- kan bruka ulike teoretiske perspektiv i analyse av kroppsøving, lærarpraksis og utvikling av profesjonsidentitet og profesjonsfellesskap
- kan planleggja, gjennomføra og vurdere utforskande undervising i kroppsøving med tanke på fagleg og pedagogisk utvikling
- kan anvende nasjonal og internasjonal forskning knytt til eige prosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- kan bidra i utvikling av fagleg fellesskap på den enkelte skule
- kan bidra til forsking og utviklingsarbeid som fremjar fagleg og pedagogisk nytenking i kroppsøving
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kroppsøving 60 studiepoeng i syklus 1 gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til.
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Læringsmappe.
Læringsmappe er ei samling tekstar og/eller andre arbeid som studenten har produsert gjennom emnet. Samlinga dokumenterer prosess og/eller produkt, og skal vise studenten sine sjølvstendige faglege refleksjonar og utvikling i kompetanse.
Læringsmappa skal bestå av fire element:
- Eit kunnskapsarbeid knytt til undervising og læring i kroppsøving
- Pedagogisk credo med refleksjonar knytt til lærarprofesjonalitet
- Fagleg samtale om sjølvvald tematikk (podcast/video/intervju)
- Prosjektskisse for masterprosjekt
Studentar som ikkje har levert tekstar og/eller anna arbeid innan fastsette fristar, får ikkje levere vurderingsmappe, og alle elementa i læringsmappa må vere vurderte til godkjent for at studenten skal få levere vurderingsmappa.
Vurderingsform
Mappevurdering.
Vurderingsmappa skal bestå av:
- Pedagogisk credo, utviklingsarbeid eller fagleg samtale. Studenten vel sjølv kva for ei av dei tre arbeida som skal inngå i vurderingsmappa
- Prosjektskisse for masterprosjekt
- Ein refleksjonstekst på 700 ord (+/- 10 %), der studenten grunngjer val av tekst/eller anna arbeid til vurderingsmappa. Refleksjonsteksten inngår i vurderingsmappa saman med dei valde tekstane.
Arbeida kan vere revidert etter tilbakemelding gjeve ved levering i læringsmappa.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ikkje bestått vurderingsmappe, skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
Meir om hjelpemiddel