Hopp til innhald

MGUNO202 Norsk på mellomsteget 2: Litteratur- og tekstkunnskap

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Norsk på mellomsteget 2: litteratur- og tekstkunnskap er andre del av Norsk 1 for GLU 5-10. I lag med emnet Norsk på mellomsteget 1: språk- og tekstkunnskap kvalifiserer dette til norskundervisning på mellomsteget. Høgskulen på Vestlandet tilbyr likevel Norsk for GLU 5-10 berre som 60-studiepoengs fag. Sentralt Norsk på mellomsteget 2: litteratur- og tekstkunnskap står delemne knytt til arbeid med litteratur og tekst, som elementær tekstkunnskap, litteraturteori og litteraturdidaktikk, og dessutan arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikla eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksla mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte, studentaktive læringsformer. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis. Ein del av undervisninga er derfor obligatorisk.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane har 3 obligatoriske læringsaktivitetar i emnet der minst ein skal vera skriftleg, og der ein kan vera knytt til praksis. Ein læringsaktivitet skal knytast til FoU-temaet akademisk lesing der studentane presenterer ein fagleg artikkel på eit seminar.

Det vil vere krav om frammøte knytt til dei obligatoriske læringsaktivitetane.

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for læringsaktivitetane. Alle 3 må vera godkjende for at studenten skal kunna ta eksamen i emnet. Dersom ein læringsaktivitet ikkje blir godkjent, vil det bli høve til å levere på nytt éin gong same semester innan ein tidsfrist sett av faglærar.

Hjelpemiddel ved eksamen

Skuleeksamen: Godkjend ordbok eller ordliste.

Heimeeksamen: Alle hjelpemiddel er tillatne. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel