PLA851 Berekraftig klimatilpassing i arealplanlegging
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet kombinerer kunnskap om klimatilpassing med praktiske oppgåver knytt til arealplanlegging. Verkstader og øvingar er viktige gjennom heile kurset, og tilbyr verdifulle planleggingsrelevante erfaringar. Heile emnet er utforma med tanke på at studenten skal vurdere klimarisiko og utvikle ei heilskapleg og berekraftig løysing for klimatilpassing i ein lokal kontekst etter studenten sitt eige val, for deretter å drøfte den opp mot faglege normer og standardar.
Det teoretiske grunnlaget for emnet tek for seg plansystem, drivarar for og dynamikkar i endring av arealbruk og utforming, og samfunnsmessige og institusjonelle eigenskapar som påverkar evne til å handtere klimaendringar. Dette gir grunnlag for kritisk refleksjon over ulike klimatilpassingsstrategiar, korleis samfunnsmessige faktorar påverkar klimarisiko, og samanhengar mellom klimatilpassing og utsleppsreduksjon.
Emnet har eit yrkesretta fokus, og gir også perspektiv på plansystem i ulike land. Ekskursjonar og feltdagar vil gi innsikt i kva som må til for å oppnå heilskapleg planlegging, og er meint å gi nødvendig bakgrunn for å fullføre dei praktiske delane av emnet.
Emnet blir undervist på engelsk.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten har
- avansert kunnskap om sentrale omgrep innan og tilnærmingar til klimatilpassing i forsking og praksis
- forståing for korleis samfunnsmessige og institusjonelle faktorar og kontekstar påverkar klimarisiko
- avansert kunnskap om fordelar og ulemper knytt til ulike alternativ for klimatilpassing verda rundt
- forståing for samanhengar mellom klimatilpassing og tilsvarande globale og lokale mål for planlegging, i samsvar med FN sine berekraftsmål
- forståing av eigenskapar og verkemåtar for ulike plansystem
Ferdigheiter
Studenten kan
- utføre verknadskjedeanalysar for lokal klimarisiko
- identifisere ulike alternativ for lokal klimatilpassing basert på verknadskjedeanalysar
- utvikle berekraftige løysingar for klimatilpassing lokalt
- søke opp og velje ut relevant litteratur for å vurdere alternativ for klimatilpassing
- analysere og drøfte heilskaplege løysingar for lokal klimatilpassing i lys av gjeldande teoriar og forsking
Generell kompetanse
Studenten kan
- planlegge og gjennomføre analysar og prosessar med mål om å redusere klimarisiko
- delta i samproduksjon av kunnskap om klimaspørsmål i tverrfaglege og internasjonale grupper
- presentere og diskutere, munnleg og skriftleg, komplekse spørsmål på tvers av vitskaplege grenser
- gi og handtere konstruktiv tilbakemelding på skriftlege og munnlege presentasjonar
Krav til forkunnskapar
For opptak til emnet må du ha bachelorgrad, eller tilsvarande grad i naturvitskap, samfunnsvitskap, teknologi eller ingeniørfag med minimum 80 studiepoeng i:
- Miljøvitskap
- Politikk, forvalting, planlegging
- Grøn teknologi og omstilling
- Geovitskap og naturfarar
eller ein kombinasjon av desse fagområda
Samla karakter på grunnutdanninga må vere C eller betre
Undervisnings- og læringsformer
- Arbeidsverkstader
- Seminar og ekspertpanel
- Gruppe- og plenumsdiskusjonar
- Forelesingar
- Ekskursjon/Feltdag
- Oppgåveskriving og rettleiing
Obligatorisk læringsaktivitet
- Godkjent deltaking på 3 fysiske samlingar à 3 dagar
- 2 godkjende innleveringar med medstudentrespons
Dei obligatoriske aktivitetane må vere godkjent for at du skal få tilgang til å levere oppgåva som er avsluttande eksamen i emnet. Dersom du er forhindra frå å delta på delar av dei obligatoriske samlingane, så kan du søkje om å få tilrettelagt for eit alternativ.
Vurderingsform
Individuell prosjektoppgåve.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- PL4-304 - Climate adaptation in spatial planning - Reduksjon: 10 studiepoeng