Hopp til innhald

YFL802 Vurderingspraksis og læreplanforståelse (del 1)

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Føremålet med studiet er å vidareutvikle og fornye yrkesfaglærarar sin praksis knytt til vurdering. Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil difor ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis, samstundes som det er ei målsetjing at studiet kan bidra til å vidareutvikle vurderingsarbeidet innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ved deltakarane sine arbeidsplassar/ skular. Vidareutdanninga skal gje grunnlag for å vidareutvikle undervisningspraksis i deltakarane sine undervisningsfag på yrkesfaglege utdanningsprogram. Studiet vil fokusere på formativ vurdering i undervegsvurdering, utvikling av vurderingsverktøy, eigenvurdering og elevmedverknad og samanhengar mellom læring, vurdering og motivasjon. Felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga.

Sentrale tema studiet:

  • Vurdering for læring, formativ vurdering og summativ vurdering i yrkesfag
  • Arbeid med mål og kriterium som grunnlag for vurderingsarbeid
  • Samanhengar mellom læring, vurdering og motivasjon
  • Elevmedverknad og eigenvurdering
  • Vurdering i ulike læringskontekstar
  • Samhandling mellom ulike arenaer og aktørar i vurderingsarbeid
  • Digitale verktøy i vurderingsarbeid

Tilbodet er forankra i Opplæringslova og forskrifter, læreplanverket for grunnopplæringa (LK20) , og strategien Yrkesfaglærarløftet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha fylgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om styringsdokument og rammer for arbeidet med vurdering på yrkesfaglege program
  • har kunnskap om ulike perspektiv på vurdering for læring og formativ vurdering
  • har kunnskap om samanhengar mellom vurdering, læring og motivasjon
  • har kunnskap om arbeid med kompetansemål, vurderingskriterium og kjenneteikn på måloppnåing
  • har kunnskap om elevmedverknad og elevane si eigenvurdering

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan arbeide med vurdering for læring på ulike læringsarenaer
  • kan leggje til rette for læring gjennom formativ undervegsvurdering
  • kan arbeide med å fremje elevmedverknad i vurderingsarbeidet
  • kan samarbeide med ulike aktørar i vurderingsarbeidet

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan reflektere kring eigen og skulen sin vurderingspraksis
  • kan vidareutvikle vurderingsarbeidet ved eigen skule for elevane si læring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Tilbodet er delvis nettbasert med to samlingar på Campus og ei nettbasert samling.

Studiet vekslar mellom fagleg formidling, gruppearbeid, erfaringsutveksling og diskusjonar. Felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga. Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil difor ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis, samstundes som det er ei målsetjing at studiet kan bidra til å vidareutvikle vurderingspraksis i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ved deltakarane sine arbeidsplassar/ skular. Vi legg særskilt vekt på erfaringsdeling (både innan programfag og på tvers av programfag) både på samlingar og i studentane sine nettverksgrupper. Erfaringsdeling og drøftingar skal vere ein viktig ressurs utdanninga og som undervisninga skal sentrere rundt.

Mellom samlingane skal studentane prøve ut metodar og verktøy for vurdering i relasjon til sentrale element i LK20. Studentane skal òg arbeide i nettverksgrupper mellom samlingane, som støtte for kvarandre i utprøvingar av metodar og verktøy og som ein arena for erfaringsutveksling og refleksjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling ein og to.
  2. Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling to og tre.
  3. Presentasjon av erfaringar frå obligatoriske læringsaktiviteter i studiet for kollegaer på eigen skule (erfaringsdeling og førebuing til eksamen)
  4. Aktiv deltaking på samlingar gjennom erfaringsdeling og drøftingar med medstudentar.

Dei obligatoriske læringsaktivitetene må være godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen i nettverksgrupper.

Eksamen vert organisert som eksamenskonferanse på campus. Innhald i eksamenspresentasjonen er relatert til læringsutbytteformuleringar i studiet og obligatoriske læringsaktivitetar i studiet. Eksamen er open for kollegaer, skuleleiing, samarbeidspartnarar frå arbeidsliv, skuleeigar og PPU-studentar.

Karakter: Bestått/ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel