Studieplan - Engelsk årsstudium
Hausten 2019
Eit årsstudium kan du bruke til så mykje. Det kan blant anna vera starten på vidare studier i faget, eller ei smaksprøve på lærerutdanninga. Engelsk er ein døropnar for deg som vil arbeide i skoleverket, i næringsliv eller reiseliv!
Engelsk er eit estetisk fag, eit kommunikasjonsfag og eit kunnskapsfag. I studiet vil alle desse sidene stå sentralt.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Kandidaten:
- har kunnskap om engelsksfaget sin eigenart, utvikling og legitimering.
- har fagleg og fagdidaktisk kunnskap til å utføre sentrale arbeidsoppgåver knytta til undervisning
- har kunnskap om språklæring og undervisning, lingvistikk (fonetikk og grammatikk), eit utvalg litteratur fra engelskspråklege land og amerikansk og britisk kultur og samfunn.
- har kunnskap om teoretisk og forskningsmessig basis for ulike prinsipp for språkinstruksjon eigna for ulike aldersgrupper, samt leiing og gjennomføring av desse.
Ferdigheiter:
Kandidaten:
- kan planlegge, førebu, gjennomføre og kritisk evaluere undervisning i engelsk utifrå gjeldande rammevilkår.
- kan fungere som eit språkleg og kunnskapsmessig førebilete i engelskfaget.
- kan vidareutvikle eigne og andre sine haldningar, kunnskapar og ferdigheiter.
Generell kompetanse:
Kandidaten:
- kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet.
- kan vurdere analytisk og kritisk korleis engelskfaget bidrar til sjølvutvikling og allmenndanning.
- kan kommunisere med eventuelle elevar, føresette og kollegaer om sentrale problemstillingar knytta til engelskfaget.
Arbeidsformer
Den mest læringsskapande måten å arbeide på varierer, og omfattar arbeidsformer som lesing, oppgaveløysing, skriving og omfattande bruk av engelskspråklege medier. Det blir lagt vekt på fagdidaktikk i heile studiet.
Vurderingsformer
Mappeeksamen, Skriftleg eksamen, Muntleg eksamen.
Internasjonalisering
Det er muleg å bygge på med bachelor i språk ved fleire universitet og høgskular.