Hopp til innhald

Studieplan - Engelsk årsstudium

Hausten 2020

Eit årsstudium kan du bruke til så mykje. Det kan blant anna vera starten på vidare studier i faget, eller ei smaksprøve på lærerutdanninga. Engelsk er ein døropnar for deg som vil arbeide i skoleverket, i næringsliv eller reiseliv!

Engelsk er eit estetisk fag, eit kommunikasjonsfag og eit kunnskapsfag. I studiet vil alle desse sidene stå sentralt.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om engelsksfaget sin eigenart, utvikling og legitimering.
  • har fagleg og fagdidaktisk kunnskap til å utføre sentrale arbeidsoppgåver knytta til undervisning
  • har kunnskap om språklæring og undervisning, lingvistikk (fonetikk og grammatikk), eit utvalg litteratur fra engelskspråklege land og amerikansk og britisk kultur og samfunn.
  • har kunnskap om teoretisk og forskningsmessig basis for ulike prinsipp for språkinstruksjon eigna for ulike aldersgrupper, samt leiing og gjennomføring av desse.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, førebu, gjennomføre og kritisk evaluere undervisning i engelsk utifrå gjeldande rammevilkår.
  • kan fungere som eit språkleg og kunnskapsmessig førebilete i engelskfaget.
  • kan vidareutvikle eigne og andre sine haldningar, kunnskapar og ferdigheiter.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet.
  • kan vurdere analytisk og kritisk korleis engelskfaget bidrar til sjølvutvikling og allmenndanning.
  • kan kommunisere med eventuelle elevar, føresette og kollegaer om sentrale problemstillingar knytta til engelskfaget.

Arbeidsformer

Den mest læringsskapande måten å arbeide på varierer, og omfattar arbeidsformer som lesing, oppgaveløysing, skriving og omfattande bruk av engelskspråklege medier. Det blir lagt vekt på fagdidaktikk i heile studiet.

Vurderingsformer

Mappeeksamen, skriftleg eksamen, munnleg eksamen.

Internasjonalisering

Det er muleg å bygge på med bachelor i språk ved fleire universitet og høgskular.