Hopp til innhald

Studieplan - Engelsk årsstudium

Våren 2022

Eit årsstudium kan du bruke til så mykje. Det kan blant anna vera starten på vidare studier i faget. Engelsk er ein døropnar for deg som vil arbeide i skoleverket, i næringsliv eller reiseliv!

Engelsk er eit estetisk fag, eit kommunikasjonsfag og eit kunnskapsfag. I studiet vil alle desse sidene stå sentralt.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om engelskfaget sin eigenart, utvikling og legitimering.
  • har kunnskap om lingvistikk (fonetikk og grammatikk), eit utvalg litteratur fra engelskspråklege land og amerikansk og britisk kultur og samfunn.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan fungere som eit språkleg og kunnskapsmessig førebilete i engelskfaget.
  • kan vidareutvikle eigne og andre sine haldningar, kunnskapar og ferdigheiter.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet.
  • kan vurdere analytisk og kritisk korleis engelskfaget bidrar til sjølvutvikling og allmenndanning.

Arbeidsformer

Den mest læringsskapande måten å arbeide på varierer, og omfattar arbeidsformer som lesing, oppgaveløysing, skriving og omfattande bruk av engelskspråklege medier.

Vurderingsformer

Mappeeksamen, skriftleg eksamen, munnleg eksamen.

Internasjonalisering

Det er muleg å bygge på med bachelor i språk ved fleire universitet og høgskular.