Studieplan - Masterprogram i energi
Hausten 2020
Masterprogram i energi blir tilbydd av Universitetet i Bergen og er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen. Master i energi gir deg spisskompetanse i ei eller fleire former for energiteknologi og ei brei innføring i fornybar energi og energisystem. Ved HVL tilbyr vi to spesialiseringar/tema: Termiske maskiner og elkraftteknikk. Emne innan desse spesialiseringane blir tilbydd ved HVL. Sjå emnekombinasjon for desse til høgre.