Studieplan - Engelsk 1, 1.-7. trinn
Hausten 2023
Studiet gir grunnutdanning i engelsk for deg som undervisar eller vil undervise engelsk i 1. til 7. trinn. Innhaldet i studiet er hovudsakleg retta mot undervising på barneskulen fra 1. til 7. trinn.
Innhald
Studiet gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk. Du får kunnskap om korleis språket er bygd opp, og bruk av ulike tekstar på barnetrinnet. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse står sentralt.
Engelsk 1 for 1.-7. trinn består av to emne. Vidareutdanninga gir innføring i engelskundervisning for 1.-7. trinn, og kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.
Arbeidsformer
Studiet er heilt nettbasert, og all undervisning er på engelsk. Canvas og Zoom blir nytta i kommunikasjonen mellom studentar og høgskolen.
Vurderingsformer
- Emne 1: Individuell mappeeksamen
- Emne 2: Deleksamen, med ein skriftleg hjemmeeksamen og ei skriftleg oppgåve.
Internasjonalisering
I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York. Turen tilbys som ein del av undervisninga i emne 2 om våren, men er ikkje obligatorisk.