Studieplan - Engelsk 1, 1.-7. trinn
Hausten 2020
Studiet gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk. Du får kunnskap om korleis språket er bygd opp, og bruk av ulike tekstar på barnetrinnet. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse står sentralt.
Engelsk 1 for 1.-7. trinn består av to emne. Vidareutdanninga gir innføring i engelskundervisning for 1.-7. trinn, og kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.
Digitale pedagogiske verktøy blir tatt i bruk i studiet, og studentane skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der dei reflekterar over eigen praksis. Du skal dele kunnskap med kollegaer og minst ein frå leiinga.
Studiet er nett- og samlingsbasert med tre samlingar per semester, torsdagar og fredagar. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet i Bergen.
Canvas brukast som kommunikasjonssystem og brukast til leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav.