Studieplan - Engelsk 1, 5.-10. trinn
Hausten 2020
Engelsk 1 for 5.-10. trinn gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk i eit rikt og variert utval av tekstar til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt.
Engelsk 1 for 5.-10. trinn består av to emne. Studiet omfattar kunnskap om det engelske språket sin grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.
Digitale pedagogiske verktøy blir tatt i bruk i studiet. Du skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der du reflekterer over eigen praksis, og skal òg kunnskapsdele med kollegaer og minst ein frå leiinga.
Studiet er nett- og samlingsbasert med tre samlingar per semester, torsdagar og fredagar. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet i Bergen.
Canvas er kommunikasjonssystemet som brukast til leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav.